Aktivitetar


Sommar

Aktiv i fjord og på fjell? I Leikanger er du tett på begge deler. Velkommen skal du vere!

fylkesmannsstorndi-juni2009_roarWvangsnes_mindreformat.jpg
TrulegHottadalen_Foto_KarlErikJohnsen1.jpg
  • Fotturar

Leikanger tilbyr eit hav av turer. Me har liste opp nokon av dei mest populære.

  • Badeplassar

Fylkesmannsstranda ligg midt i bygda, ved Fylkesmannsgarden der Nybø barnehage held til. Dette er den mest brukte badeplassen i Leikanger. Her er badebryggje, badeflåte, sand- og steinstrand, tilgang til toalett, eldstad for grilling, bord og benker.

Prestastrondi ligg ved Leikanger ungdomsskule og har Leikanger prestegard som næraste nabo. Stranda er lett tilgjengeleg, med badebryggje, steinstrand, grasplen og sandvolleyballbane. Tett ved stranda ligg ein ballbinge og ei større flate med kunstgrasdekke. Bilparkering ved Leikanger ungdomsskule.

Nybøstrondi ligg ved snuplassen i enden av vegen til bustadhusa i Nybøstrondi. Strandområdet er det minste av dei offentlege badeplassane, men har ei fin lita stein- og sandstrand med eit stort tre, som gjev fin skugge for dei sterkaste solstrålane. Her er også tilgang til toalett.

  • Kajakk

Frå Prestastrondi kan du padle kajakk. Fjordklubben har 5 stabile fjordkajakkar til leige. Les meir om Fjordklubben og kajakkutleige.

  • Gardsbesøk

Henjatunet er eit typisk vestlandsk klyngjetun, i grenda Henjum. Og på frukt- og sauegarden «Eggjagarden» tilbyr vertskapen omvising og servering for mindre og større grupper. På turen gjennom frukthagen, tunet og grenda får du høyre om korleis gardane på Henjum tradisjonelt er blitt drivne og korleis drifta er no.

I fruktsesongen kan du kjøpe epler, pærer og plommer i kassar eller lausvekt. Her er også sal av fruktsaft. Fruktsaft kan du også presse sjølv, ved å låne fruktpressa på garden. Les meir om Henjatunet


Vinter

Leikanger kan by på preparerte langrennsløypar og fantastiske toppturar med magisk utsikt. Velkommen på tur!

skitur kjeringi.jpg
  • Toppturar

Her er fleire toppar, nokre opp mot 1600 moh. Fleire av turane går i snøsikre område og gjev lang sesong. I fjellheimen over Leikanger finn ein område som er likt resten av indre Sogn, som med sine brear gjev ein smak av høgfjell og arktiske omgjevnader. I tillegg så har du ei fjordutsikt som ingen andre stader i Europa har! Sjå her for turtips.

  • Lysløypa på Kleppa

Kleppa (500 m.o.h) er eit populært utfartsområde for store og små langrennarar og fjellfantar på Leikanger. Du kan boltre deg i to lysløypetrasear. Her er det plass til alle!

  • Skikarusell for born

Kun 50 meter frå parkeringsplassen på Kleppa er ved skihytta til Syril IL og i lysløypetraseen på Nedstestølen. Her arrangerer idrettslaget skikarusell for born kvar laurdag, frå midten av januar til slutten av mars. Heile løypetraseen er lyssett og er omlag 3 km.

  • Lysløypa på Øvstestølen

Vel 1 km oppetter skogsvegen frå Nedstestølen, når du lysløypa på Øvstestølen. Her er snøtilhøva stabile og gjer det lettare å vedlikehalde den vel 7 km lange løypetraseen. Omlag 5 km av løypa er lyssett og er ein populær arena for både aktive og trimmande langrennarar.

Ved Øvstestølen ligg der også ei varmebu, som er open heile vinteren. Bua er eit populært mål for dei minste – på søndagstur og på jakt etter å skrive namnet sitt i Syril si skitrimbok.

  • Kleppafaldar og Kleppakort

Kvart år gjev skigruppa i Syril ut Kleppafaldaren. Denne informerer om aktivitetar og tilbod ved Kleppa skisenter. Med Kleppakortet kan du bruke løypenettet og dei andre tilboda på Kleppa skisenter så ofte du vil og når du vil. Kleppakortet får du kjøpt gjennom Syril.
 

Les meir om aktivitetar på Kleppa hos Syril IL.

Mat & drikke


Fjordkroa

Tradisjonsrik vegkro i sentrum, tett ved Sognefjorden.

Mandag – lurdag: 12.00 – 22.00
Søndag: 13.00 – 22.00

Adresse: Sognefjordvegen 34
Booking: dengodenabo@live.no


Henjatunet Gardsrestaurant

Henjatunet Gardsrestaurant og Gardskjøken serverer kortreist tradisjonsmat med ny vri.

I Eggjastova frå 1765 kan du nyte cider frå eigen produksjon og eit godt måltid, komponert etter årstida. Kortreist tradisjonsmat med ny vri, stor vekt på økologiske og lokale råvarer. Vandring i tradisjonsrik frukthage på garden og i grenda.

Sal av eple, pærer og plommer i sesongen. Pressing og sal av fruktsaft.

For bestilling. Opner for grupper på minimum 10 personar.

Adresse: Henjavegen 40
Telefon: 57 65 40 14


Sognefjord Hotell

Sognefjord Hotell ønskjer velkommen til bords med tradisjonsrik og heimelaga mat.

Sommarbuffè, a la carte og selskapsmenyar. Stor spisesal med utsyn mot fjorden og bygda. Plass til oppimot 150 gjester. Tilpassa menyar til ditt selskap.

Adresse: Sognefjordvegen 20
Telefon: 57 65 11 00
E-post: hotel@sognefjordhotel.no


 

Sal av frukt og bær

Gjerde Gard

Sal av jordbær, bringebær og honning i sesong.

Sal av flotte dessertbringebær i korger.

Adresse: Njøsavegen 28
Telefon: 916 38 384

Fosshagen Gard

Sal av frukt og bær i sesong.

Dyrking og sal av epler, plommer i sesong.

Adresse: Valbrekkevegen 2
Telefon: 57 65 41 19

Røysum Gard

Sal av jordbær og bringebær i sesong.

Sal av flotte dessertbær i korger.

Adresse: Kleppavegen 9
Telefon: 480 66 766/913 33 308

 

Huke Gard

Sal av epler i sesong.

Adresse: Eggjavegen 13
Telefon: 95703701

Sognefrukt

Sal av frukt og bær i sesong.

Moreller (slutten av juli til slutten av august), Plommer (august – september), Pærer (slutten av august til slutten av september), Epler (medio august til medio desember).

Ope mandag - fredag: 08.30 – 15.30

Kun kontant utan avtale.

Adresse: Sognefjordvegen 130
Telefon: 57 65 34 77
E-post: post@sognefrukt.no

Overnatting

Sognefjord Hotell

Sognefjord Hotell er eit familiedrive hotell med stolte serveringstradisjonar.

Hotellet ligg ved fjorden på Hermansverk, med kort avstand til butikkar, kafear og offentlege verksemder lokaliserte i sentrum. Hotellet har 55 rom og tilsaman 105 senger. Møterom og konferansesal. Kjøkenet serverer sommarbuffé og à la carte. Uteområdet strekkjer seg over mykje av naturperla Nokkaneset.

Ope: Heile året, med unnatak av jul og påske
Adresse: Sognefjordvegen 20
Tlf.: 57 65 11 00
E-post: hotel@sognefjordhotel.no
Nettside: www.sognefjordhotel.no


Leikanger Fjordhotell

Leikanger Fjordhotell ligg på Leikanger, ved Leikanger kai.

Hotellet er eit familie-drive hotell sidan 1882. Hotellet har 52 rom, med tilsaman 105 senger. Spisesal og salongar med nydeleg fjordutsyn og direkte utgang til hotellhagen. Eigne møtelokale tett ved hage og brygge. Kjøkenet ved hotellet serverer sommarbuffè og a la carte.

Ope: Sommar
Adresse: Strandavegen 1
Tlf.: 57 65 60 20
E-post: post@leikanger-fjordhotel.no
Nettside: www.leikanger-fjordhotel.no


Systrond Motell og Camping

Systrond Motell og camping er ein mindre campingplass med hytter og rom til utleige.

Motellet har 9 rom: tre dobbeltrom og seks 4-sengsrom. Fem hytter for 4 personar, fem hytter for 6 personar.
10 plassar for telt/campingvogner. Straumuttak. Sjølvhushald.

Ope: Juni - august
Adresse: Sognefjordvegen 16
Tlf.: 57 65 39 17
E-post: post@systrondcamping.no

Næringsliv

Leikanger er administrasjonssenteret i Sogn og Fjordane og vertskommune for fylkesmann, fylkeskommune og andre statlege etatar.

Me har òg eit godt kunnskapsmiljø med eit bredt tilbod frå med private verksemder.



Leikanger Næringshage

Samlokalisert næringsmiljø i sentrum av Leikanger.

Leikanger Næringshage held til i «Gamle-hotellet» og «Sparebankbygget», i sentrum av Leikanger. Her finn du eit samlokalisert næringsmiljø innanfor ulike bransjar.

Ønskjer du kontorstad her? Kontakt: post@leikangernh.no


Saften Senter

  • Sogn Avis

Andre versemder

Ingvald Husabø Prenteverk Trykkeri 57656005 E-post Sogn Avis Avis 57656000 E-post Skald Forlag 57654155 E-post


Etablere næring i Leikanger?

Ta kontakt med næringssjef Per Holen: per.holen@leikanger.kommune.no

Lag og foreningar


Leikanger damekor

Ønskjer fleire songglade velkomne med!

Vi er ein songglad gjeng som møtes kvar torsdag kl. 19.30 – 21.30 på Leikanger barneskule. Saman med vår dyktige dirigent Dora har vi fleire storkonsertar bak oss. Du kan bli med på den neste!

Bli med i vårt aktive kor!

Kontakt leiar: Karine Helset


Leikanger mannskor

Kreativt kor- og revymiljø for karar i alle aldrar!

Bli med du også! Øving tysdagar kl. 19.30 i mediateket på Leikanger barneskule. Årleg revyoppsetting – Palmerevyen

Kontakt leiar: Ole Ingar Hæreid
Tlf.: 415 30 954
E-post: olhaere@gmail.com
 


Leikanger Musikklag

Tradisjonsriktjanitsjarorkester.

Vi er eit tradisjonsrikt musikklag med omlag 25 medlemmer og vi set stor pris på nye! Øvingar i mediateket på Leikanger barneskule, måndagar kl. 20- 22.15. Dirigent: Diccon Pearce

Kontakt leiar: Gro Selås
E-post: gro.selas@helse-forde.no


Leikanger ungdomslag

Danseaktivitetar for alle aldersgrupper.

Leikanger Ungdomslag (LUL) er eit lokallag i Noregs Ungdomslag (NU), ein kulturorganisasjon for og med barn og unge. Hovudaktiviteten er dans og teater for barn, ungdom og vaksne. Drift og utleige av ungdomshuset Leikvang.

Kontakt leiar: Astrid Bolstad
Tlf.: 907 64 484
Facebook: facebook.com/leikanger.ungdomslag/


Leikanger jakt- og fiskelag

For alle som er interesserte i jakt, fiske og friluftsliv.

Vi er eit aktivt lag med aktivitetar for store og små. Eiga lagshytte og anlegg for leirdueskyting på Kleppa. Arrangerer fiskeskule for born og unge og samarbeider med skule, barnehage mfl. om ulike friluftstiltak.

Kontakt leiar: Svein Inge Lundheim
Tlf.: 906 05 267
E-post: leikanger.jfl@njff.org
www.njff.no/leikanger


Leikanger mc-klubb

Ein ativ klubb med vel 45 medlemmer.

Vi held til i eigne klubblokale, der syklar også kan lagrast. I klubblokala driv Mc-klubben også ungdomsarbeid, med drift av ungdomsklubb. Klubben held til i Askedalen 12.

Kontakt leiar: Øystein Lunde
Tlf.: 924 90 270
E-post: oystein@sognkontorsenter.no
www.leikangermc.no


Leikanger bridgelag

Ein ktiv bridgeklubb.

Vi spelar bridge kvar måndag kl 17.45 i kantina på fylkeshuset. Alle er velkomne!

Kontakt leiar: Torbjørn Pedersen
Tlf.: 995 03 806
E-post: torbjorn.pedersen@enivest.net


Leikanger Cognac Club

For å utvikle kunnskap om, diskutere og nyte flest mogelege typar cognac.

Ein liten og ekslusiv klubb der poenget er best mogelege edle dråpar – ikkje flest mogelege! Interessa for og gleda over god cognac er kriterie nummer 1 for medlemskap i klubben.

Les meir om Leikanger Cognac Club på klubbens nettsider.

Idrett


Idrettslaget Syril

Idrettslaget Syril har eit breitt idrettstilbod for friskusar i alle aldrar.

Hovudlaget organiserer idrettsaktivitet i fleire særgrupper og utval: Fotball, handball, friidrett, ski (langrenn, telemark, alpint), sømjing, trim, klatregruppe, kajakk og barneidrett.

Kontakt leiar Per Hauge
Tlf. 908 65 833
E-post: post@syril.no
https://syril.no/


Leikanger skyttarlag

Leikanger skyttarlag er eit aktivt lag med godt miljø og plass til nye skyttarar!

Laget er eitt av fylkets fremste skyttarlag i breidde og med fleire toppskyttarar. Laget er ein anerkjend arrangør av store stemner.

Kontakt leiar Eivind Yttri
Tlf. 908 30 854
E-post: leikanger@skytterlag.no


Sogn fjordsymjeklubb

Sogn fjordsymjeklubb er ein liten medlemsklubb med folk som trivst godt i kaldt vatn!

Klubben driv med aktivitetar som fjordsymjing, kajakkpadling, vintersymjing
og deltaking i internasjonale stemne.

Bli gjerne med!