Aktivitetar


Sommar

Aktiv i fjord og på fjell? I Leikanger er du tett på begge deler. Velkommen skal du vere!

fylkesmannsstorndi-juni2009_roarWvangsnes_mindreformat.jpg
TrulegHottadalen_Foto_KarlErikJohnsen1.jpg
  • Fotturar

Leikanger tilbyr eit hav av turer. Me har liste opp nokon av dei mest populære.

  • Badeplassar

Fylkesmannsstranda ligg midt i bygda, ved Fylkesmannsgarden der Nybø barnehage held til. Dette er den mest brukte badeplassen i Leikanger. Her er badebryggje, badeflåte, sand- og steinstrand, tilgang til toalett, eldstad for grilling, bord og benker.

Prestastrondi ligg ved Leikanger ungdomsskule og har Leikanger prestegard som næraste nabo. Stranda er lett tilgjengeleg, med badebryggje, steinstrand, grasplen og sandvolleyballbane. Tett ved stranda ligg ein ballbinge og ei større flate med kunstgrasdekke. Bilparkering ved Leikanger ungdomsskule.

Nybøstrondi ligg ved snuplassen i enden av vegen til bustadhusa i Nybøstrondi. Strandområdet er det minste av dei offentlege badeplassane, men har ei fin lita stein- og sandstrand med eit stort tre, som gjev fin skugge for dei sterkaste solstrålane. Her er også tilgang til toalett.

  • Kajakk

Frå Prestastrondi kan du padle kajakk. Fjordklubben har 5 stabile fjordkajakkar til leige. Les meir om Fjordklubben og kajakkutleige.

  • Gardsbesøk

Henjatunet er eit typisk vestlandsk klyngjetun, i grenda Henjum. Og på frukt- og sauegarden «Eggjagarden» tilbyr vertskapen omvising og servering for mindre og større grupper. På turen gjennom frukthagen, tunet og grenda får du høyre om korleis gardane på Henjum tradisjonelt er blitt drivne og korleis drifta er no.

I fruktsesongen kan du kjøpe epler, pærer og plommer i kassar eller lausvekt. Her er også sal av fruktsaft. Fruktsaft kan du også presse sjølv, ved å låne fruktpressa på garden. Les meir om Henjatunet


Vinter

Leikanger kan by på preparerte langrennsløypar og fantastiske toppturar med magisk utsikt. Velkommen på tur!

skitur kjeringi.jpg
  • Toppturar

Her er fleire toppar, nokre opp mot 1600 moh. Fleire av turane går i snøsikre område og gjev lang sesong. I fjellheimen over Leikanger finn ein område som er likt resten av indre Sogn, som med sine brear gjev ein smak av høgfjell og arktiske omgjevnader. I tillegg så har du ei fjordutsikt som ingen andre stader i Europa har! Sjå her for turtips.

  • Lysløypa på Kleppa

Kleppa (500 m.o.h) er eit populært utfartsområde for store og små langrennarar og fjellfantar på Leikanger. Du kan boltre deg i to lysløypetrasear. Her er det plass til alle!

  • Skikarusell for born

Kun 50 meter frå parkeringsplassen på Kleppa er ved skihytta til Syril IL og i lysløypetraseen på Nedstestølen. Her arrangerer idrettslaget skikarusell for born kvar laurdag, frå midten av januar til slutten av mars. Heile løypetraseen er lyssett og er omlag 3 km.

  • Lysløypa på Øvstestølen

Vel 1 km oppetter skogsvegen frå Nedstestølen, når du lysløypa på Øvstestølen. Her er snøtilhøva stabile og gjer det lettare å vedlikehalde den vel 7 km lange løypetraseen. Omlag 5 km av løypa er lyssett og er ein populær arena for både aktive og trimmande langrennarar.

Ved Øvstestølen ligg der også ei varmebu, som er open heile vinteren. Bua er eit populært mål for dei minste – på søndagstur og på jakt etter å skrive namnet sitt i Syril si skitrimbok.

  • Kleppafaldar og Kleppakort

Kvart år gjev skigruppa i Syril ut Kleppafaldaren. Denne informerer om aktivitetar og tilbod ved Kleppa skisenter. Med Kleppakortet kan du bruke løypenettet og dei andre tilboda på Kleppa skisenter så ofte du vil og når du vil. Kleppakortet får du kjøpt gjennom Syril.
 

Les meir om aktivitetar på Kleppa hos Syril IL.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway