Lag og foreningar


Systrond damekor

Ønskjer fleire songglade velkomne med!

Vi er ein songglad gjeng som møtes kvar torsdag kl. 19.30 – 21.30 på statens hus møterom sognefjord. Saman med vår dyktige dirigent Lena Skjerdal har vi fleire storkonsertar bak oss. Du kan bli med på den neste!

Bli med i vårt aktive kor!

Kontakt leiar: Tonje Fjeld Hæreid

Tlf: 901 71 694


Leikanger mannskor

Kreativt kor- og revymiljø for karar i alle aldrar!

Bli med du også! Øving tysdagar kl. 20.00 i mediateket på Leikanger barneskule. Årleg revyoppsetting – Palmerevyen

Kontakt leiar: Erik Andersen
Tlf.: 901 71 694
 


Leikanger Musikklag

Tradisjonsrikt janitsjarorkester.

Vi er eit tradisjonsrikt musikklag med omlag 25 medlemmer og vi set stor pris på nye! Her er «ungdom» frå 15-75 år, som spelar i lag og har eit godt sosialt fellesskap. Øvingar i gymsalen på Leikanger ungdomsskule, måndagar kl. 20- 22. Dirigent: Dora David.

Kontakt leiar: Lena Søderholm
Mobil: 970 35 449

E-post: lena.soderholm@sfj.no


Leikanger ungdomslag

Danseaktivitetar for alle aldersgrupper.

Leikanger Ungdomslag (LUL) er eit lokallag i Noregs Ungdomslag (NU), ein kulturorganisasjon for og med barn og unge. Hovudaktiviteten er dans og teater for barn, ungdom og vaksne. Drift og utleige av ungdomshuset Leikvang.

Kontakt leiar: Astrid Bolstad
Tlf.: 907 64 484
Facebook: facebook.com/leikanger.ungdomslag/


Leikanger jakt- og fiskelag

For alle som er interesserte i jakt, fiske og friluftsliv.

Vi er eit aktivt lag med aktivitetar for store og små. Eiga lagshytte og anlegg for leirdueskyting på Kleppa. Arrangerer fiskeskule for born og unge og samarbeider med skule, barnehage mfl. om ulike friluftstiltak.

Kontakt leiar: Svein Inge Lundheim
Tlf.: 906 05 267
E-post: leikanger.jfl@njff.org
www.njff.no/leikanger


Leikanger mc-klubb

Ein ativ klubb med vel 45 medlemmer.

Vi held til i eigne klubblokale, der syklar også kan lagrast. I klubblokala driv Mc-klubben også ungdomsarbeid, med drift av ungdomsklubb. Klubben held til i Askedalen 12.

Kontakt leiar: Øystein Lunde
Tlf.: 924 90 270
E-post: oystein@sognkontorsenter.no
www.leikangermc.no


Leikanger bridgelag

Ein aktiv bridgeklubb.

Vi spelar bridge kvar måndag kl 17.45 i kantina på fylkeshuset. Alle er velkomne!

Kontakt leiar: Arnt Ola Fidjestøl
Tlf.: 971 88 903