Overnatting

Sognefjord Hotell

Sognefjord Hotell er eit familiedrive hotell med stolte serveringstradisjonar.

Hotellet ligg ved fjorden på Hermansverk, med kort avstand til butikkar, kafear og offentlege verksemder lokaliserte i sentrum. Hotellet har 55 rom og tilsaman 105 senger. Møterom og konferansesal. Kjøkenet serverer sommarbuffé og à la carte. Uteområdet strekkjer seg over mykje av naturperla Nokkaneset.

Ope: Heile året, med unnatak av jul og påske
Adresse: Sognefjordvegen 20
Tlf.: 57 65 11 00
E-post: hotel@sognefjordhotel.no
Nettside: www.sognefjordhotel.no


Leikanger Fjordhotell

Leikanger Fjordhotell ligg på Leikanger, ved Leikanger kai.

Hotellet er eit familie-drive hotell sidan 1882. Hotellet har 52 rom, med tilsaman 105 senger. Spisesal og salongar med nydeleg fjordutsyn og direkte utgang til hotellhagen. Eigne møtelokale tett ved hage og brygge. Kjøkenet ved hotellet serverer sommarbuffè og a la carte.

Ope: Sommar
Adresse: Strandavegen 1
Tlf.: 57 65 60 20
E-post: post@leikanger-fjordhotel.no
Nettside: www.leikanger-fjordhotel.no


Systrond Motell og Camping

Systrond Motell og camping er ein mindre campingplass med hytter og rom til utleige.

Motellet har 9 rom: tre dobbeltrom og seks 4-sengsrom. Fem hytter for 4 personar, fem hytter for 6 personar.
10 plassar for telt/campingvogner. Straumuttak. Sjølvhushald.

Ope: Juni - august
Adresse: Sognefjordvegen 16
Tlf.: 57 65 39 17
E-post: post@systrondcamping.no

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway