Fjærlandssete

Fjærlandssete
Start tur ved snuplass Njøsadalen: Start turen som skildra i turforslag Tuftahaug. Frå stølen Tuftahaug går stien over myrar og gjennom bjørkeskog nordøst til Furesete. Stien kan vera noko svak over myrane. Etter kryssing av elva ved Furesete møter du tydeleg sti over Langadrag og rett inn til Fjærlandssetevatnet.

Alternativ rute gjennom Hottadalen:
Start turen ved snuplass inst i Njøsadalen: Herifrå gangbru over elva til høgre. Følg tydeleg sti opp gjennom skogen. Etter ca 800 møter du eit sti-dele. Stien vidare til Hottadalen er merka med skilt og går på venstre side av elva. Den andre stien kryssar elva og går opp til stølen Tuftahaug.

Forbi stølen Hottadalen kan stien vera litt utydeleg, men du går vidare innover dalbotnen og følgjer hamrelaga i retning mot Furesete. Eit stykke forbi Geitanipene, som du har til venstre, kan du svinge til venstre etter at du har gått eit stykke nedover, og så fylgje stien som går på venstre side av elva innover til Fjærlandssetevatnet.

Rute gjennom Henjadalen:
Start turen ved bom i Henjadalen. Gå Henjadalsvegen inn til Flya. Her kryssar du elva over den nye brua og fylgjer stien på høgre side av elva innover dalen. Skogen er tett her. Etter vel 2,5 km kryssar du grovi Reisetåi. Litt lenger framme svingar stien til høgre bratt opp Reisetbakkane. Vel oppe dei bratte bakkane flatar det ut innover Osane. Her kan stien bli utydeleg på myrane. I vestre enden av Vetla Fjærlandssetevatnet kryssar du elva og finn att markert sti langs vatnet til stølen Fjærlandssete. Herifrå kan du enten gå over Lusaskard og koma ned over Skagasete til Kvålen eller du kan velje slakare ruter til Njøsadalen om Tuftahaug eller gjennom Hottadalen.