Hella – Eitorn – Skoparsete over Kvinndøla
Hella-Eitorn-Skoparsete over Kvinndøla
Start ved Hella: Flott vårtur over Kvinnafossen. Frå Hella gjennom gardstunet og oppover langs gamal gardsveg til det fråflytta småbruket Flete. Vegen til Eitorn går gjennom blandingsskog og med ein del store gamle lauvtre.Om våren vil du sjå og høyre mange fuglar på denne strekninga.
Du går forbi det gamle skulehuset i Eitorn, vidare forbi eit gardstun med nedrivne bygningar, over innmark og så gjennom skogvakse terreng opp til den øvste garden i Eitorngrenda. Stien går vidare skrått oppover til ein god utsiktsplass eit kort stykke før brua over elva Kvinna. På austsida av Kvinna veks det om våren uvanleg mykje kvitveis som elles knapt finst i Leikanger. Vidare på merkt sti til stølen Skorparsete med hustufter. Flott utsikt mot Vangsnes, Vik og utover fjorden. Ned frå Skoparsete går den gamle stølsvegen i bratt lende ned mot sjøen. Stien endar ved inste enden av forbikøyringsfeltet på riksvegen. Turen tek 3 — 4 timar.
(Kjelde: Boka Opptur ISBN 82-91722-47-1. Forfattar Anne Rudsengen)
