Gardsbesøk

Kva med eit gardsbesøk på “Eggjagarden” i Henjatunet? Høyre om, sjå og smake på livet på ein frukt- og sauegard.

Henjatunet er eit typisk vestlandsk klyngjetun, i grenda Henjum. Og på frukt- og sauegarden «Eggjagarden» tilbyr vertskapen omvising og servering for mindre og større grupper. På turen gjennom frukthagen, tunet og grenda får du høyre om korleis gardane på Henjum tradisjonelt er blitt drivne og korleis drifta er no.

I gardsrestauranten «Eggjastova» serverer vertskapen alle typar måltid, til lukka lag. Råvarene er som regel kortreiste og økologiske. Ikkje minst gjeld det fruktsafta og cideren som alltid er «heimelaga vare».

I fruktsesongen kan du kjøpe epler, pærer og plommer i kassar eller lausvekt. Her er også sal av fruktsaft. Fruktsaft kan du også presse sjølv, ved å låne fruktpressa på garden.

Gå til Henjatunet