Opp på fjella
Er du blant dei som berre må heilt opp – til dei høgste toppane med den beste utsikta? I Leikanger har vi fleire 1000-meter-toppar som byr deg utsikt over eit fantastisk fjord- og fjellandskap!
Fjella i Leikanger gjev flotte turopplevingar året rundt. Uansett kva topptur du går, har du utsyn over det fantastiske fjord- og brelandskapet, som kjenneteiknar heile Sogn. Reiselivslaget, idrettslaget, sogelaget og jakt- og fiskelaget har lagt ned stor innsats med å merkje stiar og sette opp informasjonstavler.
Ønskjer du å gå tur med kjentmann i felles turgruppe? Ta kontakt med Sognefjord Hotell for nærare avtale.
Godt fjellvit er viktig, uansett om du går åleine eller saman med fleire. Ta med kart og kompass, litt ekstra klede, mat og drikke. Gje melding om kvar du går.
Kart over Sogndal – Leikanger kjøper du hjå Leikanger bokhandel.
God tur!

