Friksdalen
Friksdalen
Start Henjadalen: Følg Henjadalsvegen inn til Flya. Herifrå tydeleg sti på venstre side av elva inn til den nedlagde stølen Nyastøl. Her svingar stien til venstre med slak stigning inn til Friksdalen. Friksdalen er nedlagt som støl, men fleire av stølshusa blir nytta som fritidshus.
Friksdalen er også kjent for dei mange hustuftene som vart registrert etter utgravingar i 1975. Fjelltuftene er datert heilt attende til jarn- og mellomalderen. Bladet ”Systrendingen» nr. 1-2.2005 har fyldig omtale av den gamle busetnaden på Svolset i Friksdalen.
Turen frå bommen i Henjadalen tek ca 3 timar. Dersom du vil gjera returen ekstra lang, kan du gå vidare eit stykke inn Friksdalen og opp til venstre til bandet mellom Kjeringafjellet og Kaldekletten. Frå bandet kan du enten gå opp på Kjeringafjellet og ned til Kleppa eller halde rett fram til Eitrebotn og ned i Grindsdalen.
