Kjeringafjellet

Kjeringafjellet (1314 moh)
Kjeringafjell, eller Kjeringi (1314 moh) er ein av dei høgste toppane i Leikanger. Her er også startpunktet for Kjeringi Open eller «Vaorens vildaste eventyr» som denne stafetten også blir kalla.

Start Kleppa: Den mest brukte ruta startar frå Kleppa. Fyrste biten på skogsveg opp til Øvstestølen. Forbi gamle skihytta og på godt merka sti mot stølen Stokksete. Ved bekken, ca 1 km før Stokksete, går stien opp gjennom bjørkeskogen og over skoggrensa til Rypeskard. Stien er godt synleg heile vegen. Den kryssar vassveiter fleire gonger. Frå reset etter Rypeskard tek stien av mot nordaust, over ei vassveite, forbi ein saltstein-plass og opp til Fagereggi.

Frå Fagereggi følgjer du eit sauetrakk oppover, med retning beint mot høgda der du ser ein varde på ein stor stein — ”Kjerringa-steinen”. Terrenget er steinete, men lett å gå. Frå Kjeringa-steinen opp ein skrent som er merka med små vardar og opp til ein større varde på 1259 moh. Herifrå vidare nordover, over ein tverrygg, eit lite søkk og så opp siste høgda til ”heimste varden på Kjeringafjedle”. Syril trimbok i varden. Vidt utsyn i alle retningar.
Tid tur-retur: 5 — 6 timar.

(Kjelde: Boka Opptur ISBN 82-91722-47-1. Forfattar Anne Rudsengen)

Alternativ rute gjennom Henjadalen via Sevi: Vegen innover Henjadalen er mykje brukt til rekreasjon og trening. Du kan køyre innover eit stykke og parkere ved bom. Herifrå ca 1 time å gå langs vegen inn til Flya. Ca 500 m før Flya ligg Fivelhola med trimpost. Herifrå går merka sti til venstre bratt oppover til Sevi, 793 moh. Frå Sevi kan du gå vidare opp forbi Blankavatnet og til Kjeringafjellet, 1314 moh.