Lusaskard

Lusaskard (1004 moh)
Start Njøsadalen: Start turen som skildra i tur til Skagasete. Frå stølen Skagasete går stien rett nord og oppover bjørkeskogen til Skagasete, 868 moh. Stien går vidare innover fjellet og til varden på Lusaskard (1004 moh). Her har Syril lagt ut trimbok.

Heimturen kan gå etter same ruta, eller via Hottadalen. Merk at stykkjet frå Lusaskard og til Hottadalen ikkje er merka sti. Ønskjer du ein lengre tur, går du vidare til Fjærlandssete. Følg då stien vidare slakt nedover til Fjærlandssetevatnet. Herifrå er det fleire alternative ruter heimatt. Ruta via Tuftahaug er truleg den best merkte. Her møter du nybygd skogsveg ned heile Njøsadalen. Ei anna rute går via stølen Hottadalen og på sti til snuplassen øvst i Njøsadalen. Deretter skogsveg/køyreveg.