Alpinanlegget

Lysten på å prøve ut telemarkssvingen eller slalåmteknikken? Skianlegget i bygda er nært og oversiktleg og passar godt for born og unge.

Skianlegget på Kleppa er eit attraktivt nærmiljøanlegg for born og unge

Like over parkeringsplassen på Kleppa (500 m.o.h) og ved lysløypa på Nedstestølen, ligg eit mindre alpinanlegg og heis med t-krok. På syril.net finn du oppdatert info om snøforhold og opningstider.

Bakkekøyring
Bakken ligg solvendt og flott til, med fantastisk utsyn over Sognefjorden og med skihytta til Syril idrettslag like ved. Dei knappe 500 høgdemetrane over Sognefjorden har i snøfattige vintrar utfordra full drift, men med gode snøforhold er anlegget ope frå midten av januar til slutten av mars.

Telemark
Idrettslaget Syril har eit godt skimiljø, blant anna for telemark. Telemarkgruppa inviterer kvar vinter til telemarkkurs og har eigne «telemark-kveldar» i bakken.