Toppturar og fjellturar
Er du ein av dei som likar å gå høgdemeter, med fantastiske nedkøyringar, eller lengre turar innover fjellheimen på fjellski? I Systrondfjella er det fine mogelegheiter for begge deler.
http://www.vimeo.com/4354679På toppen av Sognefjorden
Her er fleire toppar, nokre opp mot 1600 moh. Fleire av turane går i snøsikre område og gjev lang sesong. I fjellheimen over Leikanger finn ein område som er likt resten av indre Sogn, som med sine brear gjev ein smak av høgfjell og arktiske omgjevnader. I tillegg så har du ei fjordutsikt som ingen andre stader i Europa har.
Sikkerheit
Nokre turar går høgt til fjells og har parti der ein går på bre. Ta omsyn til dette når det gjeld ver, klede, rasfare og bresprekker. Og hugs kart og kompass (kartblad Sogndal – Leikanger).
Er du uerfaren eller ukjend, rår vi deg å nytte ein lokalkjend fjellførar. Lokalkunnskap, hyggjelege turkameratar og gode historiar frå fjellområda du besøker, er verdt å ta med!
Bre og Fjell og Sognatur tilbyr fjellføring. Eller ta kontakt med Sognefjord Hotell, som vidareformidlar og kan legge turen til rette for deg.
Fjellfantane Håvard og Jon har lista opp nokre av sine favoritt-turar i Leikanger-fjella. Under store deler av turane har du fantastisk utsyn over Sognefjorden, delar av Jostedalsbreen og i klarvær – Hurrungane.
Trenge vi seie meir? Velkomen på tur!
