Kjeringi
- Godt egna både for fjellski og rando/telemarkski

Kjeringi (1314 m.o.h) er klassikaren framfor alle skiturar på Leikanger. Ein overkommeleg topptur som også passar for dei yngre og meir uerfarne. Dersom ein følgjer den mest brukte traseen, er her ikkje så bratt. Dette er også utgangspunktet for 1.etappen i mulitsportarrangementet Kjeringi Open.
Det som særleg gjer Kjeringi til ein god-tur, er at ein kan bruke fjellet som utgangspunkt for lengre turar og brattare nedkøyringar. På Kjeringi kan du gå frå tidleg vinter til mai.
Start frå Kleppa (normalruta): Frå parkeringsplassen og skihytta på Nedstestølen følgjer du oppkøyrde løyper til Øvstestølen, Damefall, forbi Stokksete og til Kallbakk. Frå Kallbakk ser du opp mot Fagereggi. Følg stort sett preparerte løyper til Fagereggi, vidare forbi «Discoholao» opp bratthenget til Kjeringastein. Frå Kjeringastein kupert innover mot «inste Kjeringi». Turen tek 3-4 timar, med ein høgdeskilnad på omlag 850 – 900 meter.
Retur same veg.
Alternativ retur : Køyr ned mot Friksdalen, på ”baksida” av Kjeringi. Ein kjem då ned i eit område som samlar mykje snø, så ver obs. på rasfare. Heimturen vert lengre, gjennom Henjadalen og deretter tilbake til bilveg.
Sjå turkart over Sogndal – Leikanger.
