Stav

- Egna både for fjellski og rando/telemarkski

Ein vårskitur til Stav (1458 moh) står høgt på lista for mange systrendingar. Her er flott turterreng, med nydeleg utsyn i alle himmelretningar og med fleire nedkøyringar, etter ferdigheiter og ønskje. Stav ligg i forlengiga av Troeggi langsmed Fjærlandsfjorden. Der er fleire ruter til Stav, men den enklaste er med start i Huksdalen.

Start Huksdalen: Dersom vegen ikkje er køyrbar; Gå på skogsveg, i vel 9 km, slakt oppover til Stavsete.  Eit lite stykkje etter Stavsete, ta oppover på venstresida. Ein ser Stav frå Stavsete, så det er ganske enkelt å finne vegen. Her går ruta opp ein brei flanke mot topp-platået. Frå Stav har ein panoramautsikt til Jostedalsbreen, Kjeringi, Voggebreen og Hurrungane.

Ein spekakulær veg til Stav er å komme inn frå nordsida på Stav og gå over “brui”. Dette er ein liten rygg som er ca 50 meter lang, 2-3 meter brei og det er rett ned på begge sider. Luftigt og spektakulært, men må vurderast nøye m.o.t snøforhold og skavlar. Dette er ikkje ei rute for folk flest!  

Heimoverturen frå Stav og til Stavsete (ca 700 høgdemeter) er flott. Her kan ein velgje nedkøyring etter ferdigheiter og ynskje. Fritt val frå øvste hylle!

Frå Huksdalen – Stavsete: Omlag 2 timar.

Frå Stavsete – Stav: Vel 1,5 time.

Stav kan ein også gå forbi når ein går frå Hest og til Troeggi. Sjå eigen turomtale.

Sjå også turkart Sogndal – Leikanger