Systrondsfjella rundt

- Godt egna for både fjellski og rando/telemarkski

Ein langtur, med panoramautsikt mot Hurrungane, Jostedalsbreen, Fjærlandsfjorden og kongen sjølv –  Sognefjorden. Tursesong frå februar til mai. 

Start ved Kleppa: Bruk same utgangspunkt som turen til Kjeringi. Frå Kjeringi (1314 moh) tek du deg vidare innover mot Kaldekletten, over Friksdalseggi og over Skarholten (1320 moh). Vidare inn på Voggebreen og til varden, 1576 moh (Myrdalsbreen).

Retur: Tilbake over Skarholten og deretter fin nedkøyring til Stavtjønn, vidare nedover til Stavsete og til Grindsdalen og bilveg.

Turen tek 13-14 timar, med ein høgdeskilnad på totalt 1700 m.

Sjå også turkart Sogndal – Leikanger.