Lysløypa på Kleppa
Kleppa (500 m.o.h) er eit populært utfartsområde for store og små langrennarar og fjellfantar på Leikanger. Om du bur her, eller er på besøk – bli med i skileiken!

Mil etter mil i preparerte langrennsspor
Er du ein milslukar med draumen om ”Birken” i magen? Likar du skituren best i oppkøyrde løyper? På Kleppa kan du boltre deg i to lysløypetrasear. Her er det plass til alle!
Nedstestølen
Kun 50 meter frå parkeringsplassen og du er ved skihytta til idrettslaget Syril og i lysløypetraseen på Nedstestølen. Her arrangerer idrettslaget skikarusell for born kvar laurdag, frå midten av januar til slutten av mars. Heile løypetraseen er lyssett og er omlag 3 km.
Området rundt skihytta er også mykje brukt til aking for dei minste. Ein gapahuk med eldstad og ved tilgjengeleg er ein populær rasteplass.
Nedstestølen har også flotte tilhøve for skøyter. Tidleg på vinteren, før dei tunge snøfalla, er kunstisen perfekt for isskøyting. Og så lenge eldsjeler i bygda held isen fri for snø, er det berre å skøyte på!
Øvstestølen
Vel 1 km oppetter skogsvegen frå Nedstestølen, når du lysløypa på Øvstestølen. Her er snøtilhøva stabile og gjer det lettare å vedlikehalde den vel 7 km. lange løypetraseen. Omlag 5 km av løypa er lyssett og er ein populær arena for både aktive og trimmande langrennarar.
Ved Øvstestølen ligg der også ei varmebu, som er open heile vinteren. Bua er eit populært mål for dei minste – på søndagstur og på jakt etter å skrive namnet sitt i Syril si skitrimbok.
Kleppafaldar og Kleppakort
Kvart år gjev skigruppa i Syril ut Kleppafaldaren. Denne informerer om aktivitetar og tilbod ved Kleppa skisenter.
Med Kleppakortet kan du bruke løypenettet og dei andre tilboda på Kleppa skisenter så ofte du vil og når du vil. Kleppakortet får du kjøpt gjennom Syril.

