Kjerringi Open
Apr
16
3:00 PM15:00

Kjerringi Open

Dette er vaorens vidlaste eventyr!

Arne Monrad Johnsen frå Leikanger kom heim att frå USA der han hadde vore med på ein såkalla «Qadrathlon» som omfatta telemarkkøyring, langrenn, løping og sykling. Saman med nokre kameratar starta han «Kjeringi Open».

Sidan starten i 1993 har arrangementet vakse til ein gedigen folkefest. 500 deltakarar var med siste året. Reglane er slik at du kan ta alle etappane og bli «superkjering», eller du kan danne stafettlag og dele dei fire etappane. Det er også mogleg å stille blanda-lag med mannfolk og kvinnfolk eller bedriftslag.

Ei idrettsleg kraftprøve med islett av karneval.

View Event →
Midtsommarfest
Jun
18
to Jun 19

Midtsommarfest

P1160945.JPG

Kvart år arrangerer Opplev Leikanger midtsommarfest på Nokkaneset. I år er festen satt tillaurdag 18. juni kl 18.00.

  • Det blir tenning av jonsokbål på Nokkaneset (framfor Sognefjord hotel)
  • Oddbjørn Ramstad stiller opp som spelemann
  • Polegruppa sel kaker og kaffi
  • Det bli sal av mat og drikke
  • Dans og pub i teltet frå 21.30. Her blir det òg akustisk aften med Tor Talle (gitar) og Camilla Søvig (sang) kl 22.00
View Event →