Kvinnafossen

Kvinnefossen er namnet på fossen i Kvinnavassdraget, tett attmed riksvegen kring 2 km frå ferjestaden Hella.

Fossen har eit fritt fall på 120 m ned i Kvinnagryta, og elva renn det siste stykket bratt ned i fjorden.

Under snøsmeltinga om våren, eller når det har regna mykje, er vassføringa svær og vatnet driv over bilvegen. Vatnet deler seg då på ein hammar heilt nede ved sjøen og nokre meiner at du kan skimte ein kvinneskapnad i fossen.

Det er også knytt ei segn knytta til Kvinnafossen: Ei kvinne skal ha dotte ut i og drukna. Andre meiner at namnet på fossen kjem av ordet kvin, som tyder pipande lyd.
Kvinnavassdraget og Kvinnafossen er verna mot kraftutbygging og er del av Eithorn landsskapsvernområde, med biologiske og naturhistoriske kvalitetar av nasjonal verdi.

Baldersteinen

Baldersteinen er ein av dei høgaste bautasteinane av sitt slag her i landet.

I Baldershagen står Baldersteinen, ein av dei høgaste bautasteinane av sitt slag her i landet. Den gigantiske steinen ragar nærare 8 meter over bakken, er om lag 1,25 m brei over rota og 0,5 m. tjukk.

Baldersteinen står på garden Husabø like ved nye Leikanger kyrkjegard, i eit område rikt på arkeologiske funn. Det er ikkje inskripsjonar på steinen og ingen veit nøyaktig når han blei reist.

Arkeologar meiner at steinen står på restane av ein stor gravhaug og daterer han til perioden 500–800. Baldernamnet har somme tolka som at det i førkristen tid var ein kultstad for åsatrua og guden Balder her. Kanskje stod her eit Baldershov i dette området?

Baldersteinen er også nemnd som Fritjovsteinen, som heng saman med sagaen om Fritjov den Frøkne.

Prestegards-hagen

Ein frodig hage med skjeldne tresortar ein vanlegvis ikkje finn så langt nord.

Like ved Leikanger kyrkje ligg Leikanger prestegard. I hagen er det ein uvanleg rik vegetasjon med skjeldne tresortar som ein vanlegvis ikkje finn så langt nord.

Her veks tempeltre (Ginko Biloba) – også kalla levande fossil, då det er den einaste attlevande arten frå tertiær-tida. Også Seqwoiadendron Giganteum trivst godt, sjølv om treet opprinneleg er heimehøyrande i California. Fersken, aprikos og valnøttre veks her også.

Prestegarden, med hagen, er bustaden til presten i Leikanger. Ved høve og etter avtale blir det arrangert kulturvandringar til kyrkja og hagen.

Leikanger kyrkje

Kyrkja i Leikanger er ei langkyrkje i stein frå om lag 1250.

Kyrkja blei offentleg eigedom i 1872, etter ei omfattande ombygging. Sidan den tida har ho vore restaurert fleire gonger, alltid med omfattande innsats og bidrag frå kyrkjelyd og bygdefolk. Kyrkja er eit prydverk for heile bygda, med eit ærverdig ytre og eit stilfullt interiør.

Til vanleg står dørane opne og besøkande er velkomne.

Tinghuset

Frå statshus og fylkeshus, til kommunehus.

”Tinghuse” blir den kalla, den staselege gule bygningen nede mot fjorden, midt i bygda like ved Leikanger kyrkje.

Huset er i dag eit reint kommunalt adminstrasjonshus. I 1939 derimot, då huset stod ferdig, var det først og fremst eit statshus og fylkeshus. Med Tinghuset fekk mange av dei offentlege kontora ei samlokalisering i eigna lokale og Leikanger sin posisjon som adminstrasjonssenter i Sogn og Fjordane blei styrkt.

Sorenskrivar-garden

Sorenskrivargarden er ein av mange eldre bygningar i Leikanger med historia si knytta til offentleg styre og stell.

”Skrivargarden” ligg attmed dei kommunalt eigde tinghusa, innom kyrkja. Her er tre kvitmåla hus, – hovudbygningen, eit stabbur og eit uthus.

Skrivargarden har sidan 1864 hatt preg av å vere embetsmannsgard, med hovudbygning og fleire småhus. I 1865 blei garden sete for sorenskrivaren i ytre sogn og heilt fram til 2004 har hovudbygningen vore nytta som hus for embetsverk og moderne offentleg adminstrasjon.

Blømande Leikanger

Leikanger har over 80.000 frukttre som står i blom i mai.

Leikanger er solrik og har eit mildt klima. Her trivst artar som normalt veks mykje lengre sør i Europa, slik som fersken, aprikosar og valnøttre.

I mai står over 80.000 frukttre i full bløming og er eit imponerande syn. I september er frukta moden og plomer, pærer og epler byr seg fram frå si beste side.

Lyst til å smake? Fleire gardar har direktesal. Sognefrukt får du også kjøpt hjå Sognefrukt.