Medlemskap

Vi trenger deg som støttemedlem! Både som privatperson, lag/organisasjon eller lokal bedrift.

Opplev Leikanger jobbar for å oppretthalde årlege arrangement og gode møteplassar for folk i Leikanger og omegn. Vi har gode tradisjonar med fruktbare dagar, julemarknad, midtsommarfest og Kjeringi Open. Viktige arrangement som vert godt besøkt.

I dag er alt basert på frivillig arbeid, med åtte ildsjelar i styret. Vi er avhengig av sponsing og medlemsavgift for å gjere ein god jobb og skape spennande arrangement i bygda.

Vi håpar at du vil søtte oss ved å bli medlem - eller fortsette som trufast medlem. Du vil ikkje angre!

PS! Det krevst ikkje noko å vere medlem. Det vil berre sei at du støttar oss med ein slant pengar. Kanskje får du nokon knalltilbud i løpet av året òg.


Kontingenter 2016

Privatpersonar: kr 250
Lag og organisasjonar kr 250
Bedrifter:

  • 1-2 tilsette/årsverk kr 500
  • 3-6 tilsette/årsverk kr 1000
  • 7 tilsette/årsverk kr 1500

PS! Som medlem kan du nytte arrangementsutstyr frå Opplev Leikanger.