Livet i Leikanger

Leikanger er ein liten kommune i Sogn. Næraste nabo er regionssenteret Sogndal, vel 20 minuttar køyring frå Leikanger. Saman med Sogndal, utgjer Leikanger ei viktig næringsklyngje av offentlege tenester, forskings- og utviklingsmiljø.

Solrike Leikanger har ein rik frukt- og bærdyrkingstradisjon og er også i dag eit viktig frukt- og bærdistrikt.

Til Leikanger kjem folk frå heile landet og alle verdshjørne. Det gjev nye impulsar, bl.a til eit eit yrande organisasjons- og kulturliv.

Kommunen skorar høgt på “godt og bu-kåringar”,helse- og utdanningsmålingar.

Kva Leikanger er for deg, må du sjølv finne ut . Velkommen skal du vere!

Opplev Leikanger – friskt og frodigt!

palmerevyen1_mindre-format