Idrett
Idretten står sterkt i Leikanger. Sommaridrett eller vinteridrett – her er mange aktive utøvarar.
Idrettslaget Syril har fleire særgrupper, med fotball- og handballgruppa som dei største. Idrettsarena er her til både sommar- og vintertrening.
Kleppa er eit flott område for idrett og friluftsliv året rundt. Her er merka turstiar, godt utbygde lysløypetrasear, eit mindre alpinanlegg og oppkøyrde spor som tek deg høgt til Kjeringafjell. Her er også anlegg for leirdueskyting. Både idrettslaget Syril og Leikanger jakt og fiskelag har bygd lagshytter i området. Desse er til utleige for medlemmer og andre.
Arena for fotball og friidrett, med ei grasbane og ei grusbane, ligg ved Leikanger barneskule.
På Kvålen har Leikanger skyttarlag anlegg for baneskyting. Skyttarlaget har også ei miniatyrskytebane. Denne ligg ved Leikanger ungdomshus, i sentrum av Leikanger. Lagshytta til Leikanger skyttarlag ligg ved baneanlegget på Kvålen. Denne blir leigd ut til medlemmer og andre.
Idrettshall med klatrevegg og kultursal ligg midt i sentrum, i det nye nærings- og kulturhuset, Saften. Her er også Idrettssenteret i Sogndal etablert med avd. Leikanger.

