Fruktbare dagar

Opplev Leikanger i oktober, med haustfestival ei veke til endes! For fruktprinsessa kjem kvar haust – for å syna den rike avlinga etter gode krefter, i og utanfor oss. Sjå Program for Fruktbare dagar 2011

Fruktbare Leikanger
Med over 100 000 frukttre må Leikanger sjølvsagt ha sin eigen fruktfestival. Første veka i oktober markerer bygda soleis ein rik frukt- og bærdyrkingstradisjon, som har gitt fruktbar ettervekst også innanfor andre næringar og i kultur- og bygdelivet elles.

”Fruktbare Dagar” byr på kunst- og kultur, matopplevingar med haustens avling i sentrum, møteplassar for frukt- og grøntnæringa, torgdag, visjonsmøte og meir til!


Førebygg mørketida og fyll opp energimagasina med frukt, grønt og fruktbare opplevingar frå Leikanger og Sogn. Besøk Leikanger og Fruktbare dagar første veka i oktober!

Fruktbare dagar: Ei haustveke fyllt med kunst, kultur, musikk, næring og handel. Torgdagen med kortreiste varer frå heile Sogn er eit høgdepunkt.

Relaterte lenkjer

www.fruktbaredagar.no

Video: Fruktbare dagar – plomesteinsputting