Kjeringi Open

Kjeringi Open – vaorens vidlaste eventyr!

Frå vinterkledde fjell til fjordbygd i bløming: Opplev det kontrastfylte landskapet og folka som bur her i ein multisportfestival av dei sjeldne. ”Kjeringi Open – vaorens vidlaste eventyr” samlar kvart år unge og eldre, topp og breidde til leikande kappestrid i fjella og gjennom Leikanger-bygda.

Kjerinig Open - eit særeige multisportarrangment frå fjell til fjord!

Fleire meter snø på toppen, og vårbløminga i full gong nede ved fjorden;  quadratlonet ”Kjeringi Open” er noko heilt spesielt. Med fire disiplinar – fjelltelemark, langrenn, springing og sykling – får du med deg både vinter og vår og kan krysse målstreken som verdig Superkjering. Eller du kan delta med eit lag og velje din favorittetappe i massemønstringa!

Anten du blir med som deltakar, tilskodar eller funksjonær – du vil merke den særskilde stemninga – gleda over at fjella framleis byr på fantastiske skiturar, kopla med yr forventning om varmande vårsol over sølvblenkjande fjord.

Bli med på eventyret du også!

Relaterte lenkjer

www.kjeringi-open.no

Fleire videoar om Kjeringi Open:

Video on Google

Video on Youtube

Andre sportsarrangement i Sogn:

Sognefjordrennet

www.fjordswim.no

Tinderittet

Fjellsportfestivalen