Meir om løpet
Kjeringi Open er ein multisportkonkurranse for dei fleste. Løpet har fire etappar: Fjelltelemark, langrenn, sylking og springing. 1.etappen er verdas største Fjell Cross med nesten 300 deltakarar på startstreken. Du kan delta som Superkjering og gjennomføre alle fire etappane, eller vere deltakar på eit lag.
Løpet såg dagens lys i 1993 og blir arrangert ei helg i april kvart år. Idrettslaget Syril er hovudarrangør for Kjeringi Open-helga, som er blitt ein viktig møtestad for heimebuande, tilflytta og utflytta sogningar med vener og kjende.
Deltakarar
Løpet er ope for alle som fyller 10 år i løpet av året. Arrangøren tilrår at ein ikkje bør debutere som superkjering før ein fyller 14 år. Turen fram til start på Kjeringafjell er også så pass krevjande at det berre er dei færraste under 12 år som er i stand til å gjennomføre første etappe.
Etappane
1.etappe – fjelltelemark
For telemarkløparen startar dagen med ein 3 timars tur til Kjeringafjellet, 1314 m.o.h. Her er startarena, med fellesstart for fjellcross-etappen. Sjølv med fellesstart, vert det raskt stor strekk i feltet. Ned bratthenget ligg ein som regel i fin rekke, før dei siste bakkane og svingane i telemarktraseen. Løypa byr på eit fantastisk utsyn mot Jotunheimen, Jostedalsbreen og mektige Sognefjorden før du når vekslingsområdet Damefall (ca 500 m.o.h). Her byter deltakarane utstyr og/eller sender den digitale stafettpinnen vidare til ivrige langrennarar.
2.etappe – langrenn
Etter vel gjennomført veksling går løpet vidare i langrennsløypa. Etappen er omlag 4-5 km og går gjennom eit lettkupert område frå Damefall mot Øvstestølen og til vekslingsområdet ved Kleppa skisenter. Løypa går fleire stader langs åskamben og gjev overveldande utsyn mot bygda og Sognefjorden.
3.etappe – springing
Springeetappen startar som regel der snøen sluttar. Dei seinare åra har dette vore eit stykke ovanfor parkeringsplassen ved Kleppa skisenter (ca 300 m.o.h). Framføre seg har våryre springarar solide nedoverbakkar som tek dei på grusveg og etterkvart asfalt gjennom byggjefelt og til sist på flatene mot Henjadalen og til vekslingsområdet ved Leikanger barneskule. Etappen er vel 3 km og utfordrande om du ikkje er van med å springe i nedoverbakkar.
4.etappe – sykling
Vekslinga til sykkel er ved Leikanger barneskule, der „sistemann“ står trippande, klare til å ta retning nedover grusbakken mot Henjaelvi, gjennom byggefelt, frukthagar og klyngjetun før målområdet ved Leikanger kai, på Hanahaug. Etappen er vel 7 km og vekslar mellom fartsfyllte bakkar, gode flater og nokre få, men krevjande stigningar.
I målområdet er heile bygda samla og heilar fram kvar einaste deltakarar. For i „vaorens vidlaste eventyr“ er alle vinnarar!
