Palmerevyen
Palmerevyen – med skråblikk på Fjordfylket
Palmerevyen er Leikanger Mannskor sin vidgjetne revy, med skråblikk på politikk og samfunnsliv i Sogn og Fjordane. Kraftfull mannskorsong, tekstar med snert, treffande replikkar, fantastiske kostymer og profesjonell regi. Dette er revyen og koret du berre må oppleve!
Sylskarp, men lun sognehumor
„Alle“ sogningar og fjordingar kjenner til Palmerevyen, ein levande og ubroten tradisjon sidan 1960. Her gjenopplever publikum store og små hendingar i Fjordafylket det siste året, gjennom brillene til kreative amatørskodespelarar i vårt lokale mannskor. Med fandenvoldsk, men lun sognehumor stikk Palmerevyen i både politikarar, byråkrati og næringslivstoppar i fylket. Og innimellom møter publikum ein og annan nasjonalkjendis også. Her kan mykje skje!

Noko for einkvar smak
Revyen femnar breiare enn ein lokal bygdarevy og dreg publikum frå alle deler av Sogn og Fjordane og frå landet elles. Og om du ikkje kjenner alle hendingane revyen byggjer på, så lovar vi elleville karikaturar og kraftfull korsong. Her er det berre å late seg rive med – av ivrige 17-åringar og glade, leikande gutar i 70-åra som elskar revyscena!
Start våren og påska med revyhelg i Leikanger!
