Sognefjord Swim Festival
Sognefjord Swim Festival
Tenk deg at du sym i ein dal som er halvvegs fylt med vatn. Det er 1000 m ned til dalbotnen under deg og 1300 m til fjelltoppane over deg. Liene fargar vatnet grønt. Du er i Sognefjorden . King of the Fjords.
Bli med på verdas flottaste fjordsymjefestival! Sognefjord Swim Festival er verdas einaste fjordsymjearrangement. Kom aleine eller ta med familie eller vener på ei annleis oppleving. Delta som publikum, eller bli våt sjølv, i Sognefjord Swim Festival.
Sognefjord Swim Festival har sidan 2005 bydd nasjonale og internasjonale symjarar, kajakkarar og tilskuarar ei stor fjordoppleving. I 2009 samla festivalen deltakarar frå Noreg, Storbritannia, Finland, Italia, Tyskland, Skottland, Slovenia og USA.
Eitt av høgdepunkta er Sognefjord Challenge, ei 3,7 km lang fjordkryssing frå Feios til Leikanger. I løpet av den 3-dagar lange festivalen kan deltakarane i tillegg få prøve seg på mini-fjordkryssing, sømjestafettar, kajakkrace og meir til.
Bak Sognefjord Swimfestival står fjordentusiastar frå Midtre Sogn, med Sogn Fjordsømjeklubb som hovudarrangør.
Relaterte lenkjer
Andre sportsarrangement i Sogn:

