Årsmøte Opplev Leikanger onsdag 17. januar

Bli med på vårt årsmøte og få ei moro bildevisning av Leikanger før og nå.

Vi kallar inn til årsmøte på Sognefjord Hotel den 17. januar kl. 19.00. Vi vil ha med alle som er interessert i kva som skjer i Leikanger, og alle som har gode ideer om korleis vi kan drive ting vidare. Enten du vil bidra, sjå på, bli medlem, fortsette som medlem - eller ikkje aner kven vi er: Møt opp og bli betre kjend med oss. Du vil ikkje angre.

Saksliste:

  1. Godkjenning av saklista og val av møteleiar og referent
  2. Årsmelding 2017
  3. Rekneskap 2017
  4. Aktivitetsplan 2018
  5. Innkomne saker
  6. Kontingentsatsar
  7. Val

Innlegg og presentasjon:

Fylkesarkivet kjem og presenterer historiske bilete frå Leikanger. Sjå samanligningar før og nå - v/ Javad Montazeri og Arnt Ola Fidjestøl.

Vi opnar for spørsmål, kommentarar og idémyldring om Leikangersamfunnet inn i framtida.

… og byr på enkel god og gratis servering!

Vel møtt!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway