Vellykka næringslivsmøte om samarbeid mellom Sogndal og Leikanger

Agnar Holen (t.v), Jon Håkon Odd og Per Odd Grevsnes var godt nøg med oppmøte og kvelden i Villmarka.

Agnar Holen (t.v), Jon Håkon Odd og Per Odd Grevsnes var godt nøg med oppmøte og kvelden i Villmarka.

På veg inn i «Nye Sogndal kommune» er auka samarbeid mellom næringslivet i Sogndal og Leikanger eit viktig fokus.

Det møtte kring 40 personar på næringslivsmøte som vart halde i dei nye lokala til Villmarka den 6 juni. Det vart lagt opp som eit informasjonsmøte, der vår styreleiar Roar Werner Vangsnes leia møte og starta med informasjon om aktiviteten i Opplev Leikanger.

Ordførar Jon Håkon Odd fylgde opp og tok utgangspunkt i Leikanger frå særstilling til omstilling, på veg inn i «Nye sogndal kommune». Han snakka om det som vil skje i tida som kjem når nye Sogndal kommune skal etablerast. I denne fasen er det også viktig at næringslivet i Leikanger er med på denne utviklinga, understreka ordføraren.

Per Odd Grevsnes frå Sogn Næring as ser fram til å kunne bidra sterkere med næringslivsarbeidet i Leikanger. No har dei slått næringsarbeidet saman mellom Sogndal og Leikanger, noko han gir syngergiar innan næringslivet framover.

Agnar Holen som er styreleiar i Sogn Næring as, avslutta den faglege delen med å informera om det nye Sogndal Næringsforum. Bakgrunnen for å skipa det, er å få eit sterkare og meir samlande næringslivsarbeid i kommunen, og ha ei stemme ut viktige saker om angår næringslivet. Her håpar han at vi i Opplev Leikanger kan vera ein viktig koplingsboks til næringslivsarbeidet i Leikanger. Holen understreka at det er viktig at det skjer eit aktivt arbeid ute i dei lokale laga, men at det er viktig å få ei samlande næringskraft i regionen.

Per Steinar Melåas tok ordet til slutt og informerte om nyetableringa Villmarka, som no er i gang, og håpar det kan vera eit frisk pust inn i Leikangersamfunnet.

Dette var ein vellykka kveld vi håper det blir fleire av.

Har du lyst å støtte arbeidet i Opplev Leikanger? Bli støttemedlem her.

Per Steinar Melås gav oss ein «liten dessert»  etter innleiingsforedrag til dei frammøtte.

Per Steinar Melås gav oss ein «liten dessert»  etter innleiingsforedrag til dei frammøtte.

Per Odd Grevsnes i Sogn Næring As har tru på eit godt smarbeid med næringslivet i Leikanger

Per Odd Grevsnes i Sogn Næring As har tru på eit godt smarbeid med næringslivet i Leikanger