Bård tek styring på «sølv-brudlaupet» med Kjeringi

Bård Henjum er systrending og odelsgut, med masterutdanning i medievitskap. Kjeringi er allereie snøkledd og klar til 2017.

Bård Henjum er systrending og odelsgut, med masterutdanning i medievitskap. Kjeringi er allereie snøkledd og klar til 2017.

Bård Henjum var to år då Kjeringi Open såg dagens lys. No er systrendingen engasjert som prosjektleiar.

I år feirar Kjeringi Open 25-årsjubileum 22. april i 2017 - Ei spennande oppgåve Bård Henjum gledar seg til.

Kontinuerleg sidan 1993

- Vi er glade for at Bård har sagt ja til å vera prosjektleiar, seier Roar Werner Vangsnes.

Saman med Karl Erik Johnsen har han vore med fått Kjeringi Open i hamn kvart år sidan starten i april 1993, og sett mange prosjektleiarar teke tak oppgåva på ein god måte.

- Vi er heilt avhengig å ha ein prosjektleiar som kan ta av seg alle detaljane, og på same tid har det vore avgjerande å ha ein stor dugnadsinnsats gjennom idrettslaget Syril og andre gode medhjelparar.

Ein ny generasjon både kan og skal visa vegen vidare

Vangsnes meiner at det er svært få arrangement med fire etappar som er blitt gjennomført 25 gonger på rad. Han håpar Bård sin inntreden som prosjektleiar vil gi inspirasjon til halda på med dette vidare.

- Det er blitt ein viktig hending for Leikangersamfunnet, og vi veit det har inspirert mange andre idretts- og kulturarrangement i nabokommunane og rundt om i landet, seier Vangsnes.

Bilde frå målgang i 1993.

Bilde frå målgang i 1993.

Bilde frå målgang i 1993.

Bilde frå målgang i 1993.

Opnar opp påmeldinga før jul

Bård Henjum er i gang med arbeidet, og allereie no er det mogleg å melda seg på «vaorens vidlaste eventyr» neste år.  Han utfordrar alle å gi ein «sprek julepresang» til ein av sine nærmaste, eller ein god kamerat. Og det er også eit fint høve til å vera litt framoverlent for alle bedriftene, der de kan få med eit lag eller to.

- Dette gjer at folk kan starta treninga no, og gleda seg til eit felles kjekt mål like over påske, seier prosjektleiaren.

- Eller kvifor ikkje gi ein «førjulspresang» til ein god konkurrent som du skal slå, smiler han lurt.

Proisjktleiaren oppfordrar alle til å vera aktiv på både heimesida og ikkje minst på Facebook og instagram.

- Dei fire etappane er kjernen i arrangementet, men vi kan få til mykje moro rundt det heile, og her er det berre å koma med idear og innspel og på same tida utfordra seg sjølv og som sagt melda seg på.

flyfoto kjeringi open

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway