Det blir fellestur i morgon, sjølv om hytta fortsatt står på Kleppa ...

dagsturhytta.jpg

Det har ikkje vore det veret vi ynskja, så helikopteret har ikkje fått flydd opp hytta.

MEN, ikkje depp! Vi stiller på Kleppa kl 11, orienterer litt om hytten - og går stien opp saman (1,5-2 km kvar veg). På turen opp blir det ei vandring i Leikanger si geografiske historie i regi av Leikanger Frivilligsentral. Her kan du lære om korleis landskapet rundt oss har vorte forma. For borna vert det rebus opp til hytta.

Hugs mat, varme kle og vatntette sko (!).

Turen er for folk i alle aldrar. Vel møtt!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway