En du klar for jonsokfeiring på laurdag?

P1090390.JPG

Tradisjonen tru, blir det jonsokfeiring på Nokkaneset kl. 17.00 på laurdag.

Opplev Leikanger ynskjer hjarteleg velkomen til josoksfest til Sognefjord Hotel sin idylliske plass på Nokkaneset på laurdag den 23. juni.

– Veromslaget opptil fleire rotbløyter har gjort at ungdomsgjengen er i full gang med å bygga jonsokbål, og vi håpar det blir opplett stilt og stor stemning på tradisjonelt vis, seier Roar Werner Vangsnes i Opplev Leikanger.

Sidan vi starta opp med felles jonsokfeiring i 2010 har vi kvart år samla mykje folk,  på det meste over 1000 menneske til feiringa. Det heile startar Kl 17.00 med jonsokbrudepar frå barnehagane, trekkspelmusikk, mat og drikke frå Sognefjord Hotel, og kaffi, og kaker og sjølvsagt iskrem frå Polengruppa ved ungdomsskulen. Det er også leikar som kan aktivsera både store og små før båltenning Kl. 19.00.

Målet for oss er at folk kjem saman, og feirar den lyse årstida. Sola er på det høgste og vi håpar at den varme og fine sommaren som vi har hatt, kjem attende og folk kan ta sommarferie.

På kvelden er det ope hus i Villmarka så både systrendingar og folk frå nabokommuane og andre er hjarteleg velkomne.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway