Kjeringi Open er 25 år!

Er du klar 22. april i år? Dette er vaorens vidlaste eventyr!

I 25 år har fleire hundre ivrige utøvarar satt utfor fjellet Kjeringi (1314 moh), i håp om å komme heil i mål nede ved fjorden i Leikanger. Gjennom fire etappar (fjellskikøyring, langrenn, springing og sykling) er det det mykje slit og mykje moro. Og i år er det din tur til å bli med!

 

Om konkurransen:

Arne Monrad Johnsen frå Leikanger kom heim att frå USA der han hadde vore med på eit likande renn der både ski, sykling, springing og kajakk/kanopadling var ein del av etappane. Saman med nokre kameratar starta dei «Kjeringi Open», der etappane fjelltelemark, langrenn, springing og sykling, var det som passa godt for konkurransen frå fjell til fjord her i Leikanger.

Sidan starten i 1993 har Kjeringi Open vakse seg til ein gedigen folkefest, med rundt 500 deltakarar kvart år. Reglane er slik at du kan ta alle etappane og bli «superkjering», eller du kan laga stafettlag og dela dei fire etappane med anten, kvinner, menn eller kombinasjonslag. I tillegg har vi inndelingar i 4 ulike klassar som junior, senior, veteran eller superveteran.

No ventar Kjeringi Open nr. 25 på rad. Hjarteleg velkomen!

Og nyt filmen frå 2015 – til inspirasjon:

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway