Hein Kvalheim til Fruktbare dagar!

"Hein kryssar grenser" - Velkomen til opninga av Fruktbare dagar.

Hein Kvalheim braut ryggen i ei ulukke i 1983 og sit i dag i rullestol. Han er kjend frå TV2-programmet "Ingen grenser" med Odd-Bjørn Hjelmeset, der han deltok i 2013.

Torsdag 29. september kjem Hein til Leikanger for å dele sine erfaringar, med foredrag og filmklipp frå "Ingen grenser". Her vil ha vise kva som er mogleg, sjølv om det skjer dramatiske edringar i livet.

- Å oppleve seg sjølv i nye omgivnader og med andre rammevilkår enn dei daglegdagse, var spanande. Det gir innsikt i eige kjensleliv: Korleis reagerer me når me vert pressa utover det me tenkte var mogleg? Kven er eg i ei gruppe? Kva betyr eg for dei rundt meg?, fortel Hein.

Bestefaren til Hein kom frå Balestrand og familien har no overteke huset i Esefjorden. Han kjenner ei sterk tilknytning til regionen.

Program:

19.00: Opning av Fruktbare dagar med song av Distriktsmusikarane i Sogn
19.30: Hein Kvalheim deler sine erfaringar
Stad: Kultursalen i Saften

Dette er eit samarbeid mellom Soknerådet, Leikanger kommune og Opplev Leikanger.

Meld deg på her - arrangementet er gratis!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway