Inspirasjonskveld med Bård Huseby og Villmarka AS

inspirasjonskveld.jpg

Korleis er det å drive serveringsplass og hotell i ei lita bygd? Bård Huseby kjem til Leikanger, og vil saman med Villmarka dele sine erfaringar.

Opplev Leikanger inviterer til ny inspirasjonskveld. Denne gangen kjem Bård Huseby for å gi systrendingar, og interesserte frå nabobygdene, si historie om det å drive hotell og næringsutvikling i Fjærland. Samstundes vil han ta med seg eigne tankar om korleis ein skapar identitet i lokalsamfunn, og gjer lokalbefolkninga stolte over plassen dei kjem ifrå.

Huseby flytta frå Austlandet og er i dag busett i Marifjøra. Han er hotelleigar i Fjærland og jobbar om vintrane litt på Vestlandsforsking. Han har med dette gjort seg mange erfaringar om Sogn dei siste 15 åra. 

Vi vil denne kvelden også høyra frå vertskapet på Villmarka, og om deira satsting i lokalet som dei opna våren 2017.

Vi håpar å få til gode diskusjonar i etterkant av innlegga. Næringsapparatet i Sogndal, Leikanger og Balestrand vil vere til stades med oss denne kvelden.

Vi serverer kaffi/te og noko å bite i. Vi håpar at det blir ein fagleg, sosial og inspirerande kveld.

Tid og stad: mandag 4. mars kl. 19 på Villmarka.

Hjarteleg velkomen!