Isfiske på Dalavatnet 10. mars

isfiske dalavatnet.jpg

”Fiskeklubben” i Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 10. mars 2019 frå kl. 12:00 - 15:00.

  • Lokalkjente personar og andre vaksne er med og rettleiar.

  • Isfiske blir på eige ansvar, og difor må barn under 16 år vera i fylgje med vaksne.

  • Gode isforhold. Slaps oppå isen, så ta med tette sko!

  • Ta med spade og stol!

  • Jakt- og Fiskelaget stiller med isborar, isfiskeutstyr og agn (maggot), men ta med eige utstyr om du har!

  • GRATIS grillpølser m/brød, varm saft og kaffi!

  • Nye medlemar i «Fiskeklubben» (t.o.m.12år) får utdelt gratis isfiskesett til odel og eige.

  • P.g.a. dårlege parkeringsmulegheiter, må me reisa mest muleg samla. Reis i lag med naboen eller andre kjente!

  • Er du interessert, ta kontakt på tlf. 90605267 for meir info.

  • Isfisketuren blir avlyst på kort varsel, om isen er utrygg.

Skitt fiske!