Kulturminner på dagsorden under opning av Fruktbare Dagar

Direktøren for kulturminnefondet fekk omvising rundt om på Leikanger saman med Systrond Sogelag. Her utanfor det gamle badehuset på fylkesmannsgarden fv. Kjell Arne Valvik, Simen Bjørgen og Knut Henning Grepstad.

Simen Bjørgen møtte ein lydhøyr og interessert forsamling under opninga av Fruktbare Dagar på Sognefjord Hotel.

Simen Bjørgen møtte ein lydhøyr og interessert forsamling under opninga av Fruktbare Dagar på Sognefjord Hotel.

Gunnar Yttri skapte god stemning i salen med singitar, munnspel og songstemme

Gunnar Yttri skapte god stemning i salen med singitar, munnspel og songstemme

Rundt 80 personar tok turen til Sognefjord Hotel i samband med opninga av Fruktbare dagar. Opplev Leikanger stilte med utsøkt fingermat til alle, laga av prosjektleiaren for Fruktbare Dagar Emilie Pellegrino. Og til drikke var det fruktjuice frå Henjatunet.

Emilie Pellegrino laga fingermat av beste sort til dei frammøtte.

Emilie Pellegrino laga fingermat av beste sort til dei frammøtte.

Simen Bjørgen frå kulturminnefondet var kveldens hovudinnleiar og den engasjerte direktøren delte viktig kunnskap med forsamlinga. Han utfordra private eigarar i heile nye Sogndal om å søke midlar frå kulturminnefondet. Det har m.a. ikkje vore nokon søknader frå Leikanger sidan 2017, og her må det gjerast ein jobb , sa Bjørgen.

Kjell Arne Valvik frå Asplan Viak as. la fram arbeidet med kulturminneplanen og dei prioriteringane av kulturminne som ligg inne i den. Simen Bjørgen skrytte av den ferske kulturminneplanen til Leikanger. Saman med litt eldre planar frå Balestrand og Sogndal har ein i dette området eit godt utgangspunkt for å styrke kulturminnearbeidet i området, meinte Bjørgen. Kvelden vart krydra med flott song og musikk frå Gunnar Yttri. Han klarte å knyta sine melodiar og tekstar godt saman med kvelden sitt tema på ein humoristisk og fin måte.