Nye skilt til Leikanger

- Vi håpar også å driva litt folkeopplysning, ved å vise fram den spanande historia vår.

Det er to engasjerte mannfolk som vil prata om ”skiltprosjektet”, eit prosjekt som starta for nesten tre år sidan.

- Vi hadde 16 skilt som vart satt opp på midten av 90-talet, i regi av Norsk Fruktmuseum. Men dei var nedslitne og utgått på dato, så me innsåg at noko måtte gjerast, fortel Roar Werner Vangsnes.

Som leiar i Opplev Leikanger, er han ein av dei som har engasjert seg i deinye skilta, på 152x65 centimeter, som skal monterast i området mellom Leikanger og Hermannsverk. Etter at vi fekk til eit godt samarbeid med Systrond Sogelag, har det vore stor framdrift i prosjektet.

- Teksten på skilta er basert på dei gamle skilta, men har oppdatert og utvida kunnskap. I tillegg har vi fått til flotte flyfoto, fortel nestleiar i Systrond Sogelag, Knut Henning Grepstad, som nok kan reknast som den største eldsjela i prosjektet.

ENGASJERTE: Jan Erik Lie (Leikanger Fjordhotell), Knut Henning Grepstad (Systrond Sogelag) og Roar Werner Vangsnes (Opplev Leikanger) viser fram skiltet ved Hårfagreparken som blei  sett opp i fjor. Dei nye skilta vil vere nokolunde like, berre ståande på eit høgare stativ.

ENGASJERTE: Jan Erik Lie (Leikanger Fjordhotell), Knut Henning Grepstad (Systrond Sogelag) og Roar Werner Vangsnes (Opplev Leikanger) viser fram skiltet ved Hårfagreparken som blei  sett opp i fjor. Dei nye skilta vil vere nokolunde like, berre ståande på eit høgare stativ.

Vil stå klar til Fruktbare dagar

Om alt går som planlagt vil skilta bli produsert og montert til Fruktbare dagar, som i år vert arrangert fyrste helgen i oktober. Då vil folk ha ein kultursti med 15 skilt som går langs gangvegen mellom Hermannsverk og Leikanger, til Henjatunet og oppover til Gjerde og Njøs.

I tillegg vil det bli sett opp fire skilt langs Henjaelvi. Dette er eit delprosjekt i samarbeid mellom Opplev Leikanger og Leikanger jakt- og fiskelag, med kommunale midlar frå SMIL-ordninga. Desse elveskilta vil informera om historisk bruk av vatn, og bruken av vasskraft og naturen i Henjadalen.

- Skilta inneheld dermed både kultur, geografi, nyare og eldre historie. Vi håpar dette skal inspirera bygdefolket til å komme seg ut. Vi håpar òg at nye folk vil komme til bygda vår og sjå korleis folk levde her før, fortel Grepstad.

Håpar på fase 2

I tillegg til dei 19 skilta som no er planlagde, er det håp om å utvide prosjektet ytterligare, og sette opp skilt heilt frå Hella til Kløvi. Då vil heile kommunen bli inkludert, der både Grinde, Eggja, Hamre, Kleppa og Njøsadalen blir med.

- Det å få kopla dei sentrumsnære vandrerutene saman med Sognefjordvegen S1 som er etablert frå før, er viktig i fase 2. I tillegg fører dei vidare opp til alle Syril-trimpostane. Om alle gode krefter er med, er målet å ha dette klart ved utgangen av 2017, seier Vangsnes.

I tillegg er det eit håp om å få på plass ein app som kan supplera med informasjon som står på skilta, tilby fleire språk og ha moglegheita til å oppdatera informasjonen over tid.

Treng dugnadshjelp

Til nå er det en ramme for prosjektet på 450.000,-. Det heile er godt planlagt, men nokon prosesser ventar på avklaring, deriblant kommunen. Gjensidigestiftinga, Sparebankstiftinga og Sogn og Fjordane fylkeskommune er positive samarbeidspartar som har løyvd midlar til prosjektet. I tillegg ligg det inne eigne midlar frå Opplev Leikanger og ein stor eigeninnsats.

- Føresett at alle blir med, kan dette bli eit kanonprosjekt.

- Vi håpar også at vi kan klara å mobilisera ein gjeng som kan vere med oss og montera desse skilta i løpet av september, avsluttar Grepstad.

Vil du hjelpe til å montere skilta? Send oss ein e-post: opplevleikanger@gmail.com

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway