Program Fruktbare dagar

Torsdag 28. september i Saften:

10.00: Barnehagane i Leikanger pyntar i sentrum. Leikanger Frivilligsentral delar ut juice og kjeks til ungane. Bli gjerne med du også!

Frå 14.00:  Sal av grillmat, rømmegraut og anna godt. Spis der eller ta med heim.

16.30:  Offisiell opning av Fruktbare dagar ved Rasmus Mo - oppvaksen i Leikanger og omdømmesjef i Sogndal fotball. Leikanger skulemusikk, Leikanger musikklag, Systrond damekor og Leikanger mannskor gir oss opplevingar med song og musikk. Styrkeløftgruppa i Leikanger prøver på uoffisiell verdsrekord i benkpress. Oppvisning og publikumsdeltaking.

Idrettshallen frå kl 17.00: Idrettslaget Syril inviterer til hallmorro for 1.-10. klasse. Instruktørar er: handball A-lag damer og J16 - G16 og Fotball A-lag herrer.


Fredag 29. september på Hermannsverk:

11.00-13.00: Film i Firdasalen (Fylkeshuset) for seniorar og andre interesserte. Kom og sjå “Kongens Nei”.  Gratis framsyning. Sal av vafler og kaffi.

17.30-20.00: Kurs i samspel i Firdasalen. I regi av Leikanger Frivilligsentral, Røde Kors, Noregs idrettsforbund og 4H. Alle er velkomne.

20.00-21.00: “Øl, ost og sjokolade på Café Herman”. I samarbeid med Skånaliseter Gardsysteri og Balder Brygg. Påmelding: post@cafeherman.no (225,- pr. pers.).

Frå 21.00: Oktoberfest i teltet på Borggarden. Øl fra Balder og Turken, sal av mat og snacks.


Laurdag 30. september i Saften og på Borggarden:

09.00-11.00: Fruktbar frukost i idrettshallen. Gratis mat til alle og klatring med Systrond 1 Speidergruppe.

10.00-16.00: Torgdag. Sal av kortreist mat, drikke og andre produkt. Sjå liste under.

11.00-13.00: Sparebanken Sogn og Fjordane held open bank (i gml. lokala) med bøssetømming og noko attåt.
Maskottane Elin ekorn og Kåre bjørn kjem også på besøk.

12.00-14.00: Leikanger skyttarlag inviterer til “fruktbar skyting” for alle frå 10 år og oppover. I kjellaren på ungdomshuset. Gratis.

12.00: Taekwondo-show.

12.30: Utdeling av Leikangerprisen v/Leikanger kommune.

13.00: NM i plommesteinspytting.

21.00: Villmarka: Konsert med Tore Talle og Kai Martin Brekke. Fruktbar fest ut i dei små timar. Sal av mat og drikke. Konserten startar kl. 22.00. Inngang Kr 100,-

”Torgselgere”:

Utstillingar:
“Fjordmoro gjennom 10 år” på Saften i 2. etasje v/Sogn fjordsymjeklubb. Saueutstilling i sentrum. Kåring av verlam v/Leikanger og Sogndal sau og geit.

Mat og drikke:
Henjatunet Eggjagarden AS - eplejuice
Magne Opthun - sal av eple
Sjur Huke - sal av eple og pære
Norane fruktgard - Sognamost
Alm Gard - iskrem og honning
Veitastrond Triobakst - lefser m.m
Sognefjord Sjokolade - sjokolade
Inge Menes - laks og aure
Undredal stølsysteri - ost
Skånaliseter Gårdsysteri - ost
Marås Hjort - kjøt
Vikja Kjøt - kjøt
Leikanger Jakt og Fiskelag – smaksprøver
Lærdal Torg - frukt og grønt
Sogn Jord- og Hagebruksskule - eigeprodusert mat
Yada Thaimat - varmmat
Kaeophila Tahimat Take away - varmmat
Økoveka med økologisk produksjon

Andre produkt:
Almerso Soneterapi Anne Liv Mæland Røysum
Erling Røysum AS - sportskle
Handarbeidslaget Sans og Samling
Jostein Kvåle og Jorunn Havsgård – saueskinn, strikk
Skald Forlag AS
Syrstrand Gartneri

Lag og organisasjoner:
Leikanger Røde Kors
Brystkreftforeininga
HLF Luster, Sogndal og Leikanger Hørselslag
Frivilligsentralen


Sundag 1. oktober:

11.00: Hausttakkefest i Leikanger kyrkje med utdeling av kyrkjebok til 4-åringane.

13.00: Kulturhistorisk vandring med fokus på dei tre nedlagde kyrkjene i Leikanger: på Hamre, Henja og Njøs. Besøk på dei tre tomtene med historiene om kyrkjene. Oppmøte v/fruktlageret. Guide er Knut Henning Grepstad v/Systrond Sogelag.

P1190436.JPG
P1190427.JPG

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway