Program Fruktbare dagar 2018

nye plakatar fruktbare dagar.jpg

Torsdag 4. oktober:

10.00: Barnehagane i Leikanger pyntar sentrum. Bli gjerne med du også! I tillegg er eplekassane komen på plass, med gratis eple til alle.

18.00-19.30:  Offisiell opning av Fruktbare dagar i Firdasalen på Fylkeshuset. «Leikangersamfunnet - med verdfulle kvalitetar inn i Nye Sogndal kommune.»

  1. Velkomst v/leiaren i Opplev Leikanger, Roar Werner Vangsnes.

  2. Minikonsert med Krudlalaget - ungar frå Leikanger, Sogndal og Kaupanger.

  3. Samtale i sofaen mellom prosjektrådmann Stig Arne Thune og Knut Henning Grepstad. Prosjektrådmann Stig Arne Thune vert administrativ leiar i den nye kommunen. Kven er han? Kva meiner han om korleis Leikangersamfunnet sine kvalitetar kan vere med vidare som ein del av grunnmuren i Nye Sogndal kommune?


Fredag 5. oktober:

18.00-19.30: Båltenning på Knausen. Ta med piknikstolen/sitteunderlaget, noko varmt på termosen - og bli med på haustens koselegaste båltenning. Sal av pølser.

19.30-21.00: Ost- og ølsmaking på Café Herman i samarbeid med Skånaliseter Gardsysteri og Balder Brygg. Påmelding: post@cafeherman.no (250,- pr. pers.).

Frå 19.30: Oktoberfest i teltet på Borggarden. Lokal drikke frå Balder og Turken, samt mineralvatn. Sal av varm mat.

Heile dagen: Bilutstilling frå Auto 8-8 Forum og Leikanger Auto på bankplassen.


  Gratis frukust til alle, laurdag frå kl 0900.

Gratis frukust til alle, laurdag frå kl 0900.

  Torgdagen laurdag byr på mykje god, kortreis mat.

Torgdagen laurdag byr på mykje god, kortreis mat.

Laurdag 6. oktober:

09.00-10.30: Fruktbar frukost i idrettshallen i samarbeid med Kiwi og Coop Prix. Gratis mat til alle og klatring med Systrond 1 Speidergruppe.

10.00-16.00: Torgdag. Sal av kortreist mat, drikke og andre produkt. Ulike utstillingar. Sjå liste under.

10.00-13.00: Sparebanken Sogn og Fjordane held open bank (i biblioteket) med bøssetømming og noko attåt. Maskottane Elin ekorn og Kåre bjørn kjem på besøk.

10.00-14.00: Sogn Avis har open dag. «25 år med Sogn avis» - kom innom og sjå korleis dei lagar avis.

10.00-14.00: Erling Røysum har ullsalg i butikken.

10.00-15.00: Fjordklipp har «drop in» og fleire gode tilbod.

10.00-15.00: Balder held ope for omvisning og sal av eigeprodusert drikke.

10.00-15.00: Sogn Tavle og Data har open dag.

12.00-14.00: Kaffiprat på Gamlehotellet. Johs. B. Thue, Odd Njøs og Henning Rivedal har vore viktige forfattarar for Skald heilt sidan starten. Møt dei på forlagshuset og ta ein prat.

12.00-14.00: Skyttarlaget arrangerar laserskyting.

13.00: Få ei innføring i handbak av Dag-André Mo frå Systrening AS. Lær deg reglane og få gode tips - og prøv sjølv om du vil. I tillegg kan du måle styrken i grepet ditt.

14.00: Utdeling av Leikangerprisen v/Leikanger kommune.

14.30: Skyttarlaget har trekking av sitt lotteri.

14.45: Frimerkeauksjon på Cafe Herman. Ei stor frimerkesamling (to fulle koffertar) som Leikanger sokneråd arva etter sokneprest Sverre Daae (1890-1968) vert auksjonert bort. Samlinga blir stilt ut på Cafe Herman, og interesserte har høve til å inspisera ho frå kl. 12.00.

Frå 18.00: Open pub på Villmarka.

  Prøv deg på handbak med Systrening AS, laurdag kl 13.00. Foto: Roger Navarsete.

Prøv deg på handbak med Systrening AS, laurdag kl 13.00. Foto: Roger Navarsete.

  I år blir det frimerkeauksjon på Cafe Herman, laurdag kl 14.45. Foto: Tom Sølve Myklebust.

I år blir det frimerkeauksjon på Cafe Herman, laurdag kl 14.45. Foto: Tom Sølve Myklebust.


Torgseljarar:

Utstillingar:

  • «Skald 25 år» på Gamlehotellet: Det 25 år sidan forlaget Skald i Leikanger gav ut si første bok. Dei viser fram bokproduksjonen gjennom alle åra, med godt over 250 utgivingar.

  • Fotoutstilling 2. etasje, Saften: Julia Brendehaug.

  • Kunstutstilling 2. etasje, Saften: Leikanger barneskule.

  • Frimerkeutstilling på Cafe Herman. Auksjonerast bort, sjå program.

Mat og drikke:
Alm Gard - is og honning
Anwar Mohammed - snop m.m.
Balder - sal av drikke i eigne lokale
Eiken - honning
Fylkesarkivet - smaksprøver av historiske rettar m.m.
Helge Bakke frå Balestrand - molter m.m.
Henjatunet Eggjagarden AS - eplejuice
Inge Menes - laks og aure
Jostein Kvåle og Jorunn Havsgård - spekepølse
Kaeophila Tahimat Take away - varmmat
Lidal - pærer, juice
Lustrabui - bakevarer
Lærdal Torg - frukt og grønt
Magne Opthun - juice, eple
Marås Hjort - spekepølser, hjortekjøt og hjorteburgar
Norane Fruktgard - juice
Selseng Gardsysteri - brun geitost, salatost
Sjur Huke - epler
Skjærdal Stølsysteri - kvit og brun geitost
Skånaliseter Gårdsysteri - ost
Norane fruktgard - Sognamost
Veitastrond Triobakst - lefser m.m
Vikja Kjøt - fenalår, fryst mat, kebab
Yada Thaimat - varmmat
Vikøren - sukkerspinn

Andre produkt:
Almerso Soneterapi - Anne Liv Mæland Røysum
Arlen Singdahlsen - pyntegjenstandar
Erling Røysum AS - sportskle/sko
Fjordklipp - «drop in»
Handarbeidslaget Sans og Samling - handarbeid
Jostein Kvåle og Jorunn Havsgård - geiteskinn, kasjmingarn
Jon Sunde - knivmakar
Syrstrand Gartneri - blomster, blomsterløk, juice
Sogn Tavle og Data - open dag

Lag og organisasjoner:
Brystkreftforeininga - infostand
HLF Luster, Sogndal og Leikanger Hørselslag - hørselstest
Leikanger Ungdomslag - sal av kaker og kaffi
Leikanger Jakt og Fiskelag - grilling/smaksprøvar vilt og fisk
Leikanger Røde Kors - snøscooter, pulk, ATV
Leikanger Skyttarlag - laserskyting m.m.
Sogelaget - frimerkeauksjon
Systrond 1 speidargruppe - frukustklatring + aktivitetar i parken m/bål, pinnebrød m.m.

Leikar og aktivitetar:
Fiskedam for dei minste
Hesteskokasting (bak Sogn Tavle og Data)
Stylter
Eplepressing av barneskulen


Sundag 7. oktober:

11.00: Leikanger Frivilligsentral inviterer til fellestur til dagsturhytta. Oppmøte på parkeringa på Kleppa kl 11, så går vi samla opp for å kikke på den nye hytta.

På turen opp blir det ei vandring i Leikanger si geografiske historie. Her kan du lære om korleis landskapet rundt oss har vorte forma. For borna vert det rebus opp til hytta. Framme ved hytta vert det servert noko å drikke. Mat og varme kle må ein ta med sjølv. Turen er for folk i alle aldrar. Vel møtt!

  Sundag blir det fellestur til dagsturhytta. Her frå omvisning på Njøs i 2016.

Sundag blir det fellestur til dagsturhytta. Her frå omvisning på Njøs i 2016.

  Oktoberfest i teltet på Borggården blir som vanleg fredag kveld.

Oktoberfest i teltet på Borggården blir som vanleg fredag kveld.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway