Takk for ein flott kveld på Villmarka

inspirasjonskveld+p%C3%A5+Villmarka+med+Opplev+Leikanger.jpg

Ein vellukka inspirasjonskveld med Bård Huseby som hovudgjest.

Bård Huseby delte sine erfaringar om det å drive hotell og næringsutvikling i Fjærland - og om korleis ein skapar identitet i lokalsamfunnet. Spennande!

Etterpå reise Per Steinar Melås seg for å snakke om Villmarka og korleis få fram gode idear i fellesskap. Turken Brygg fortalde om sin verksemd, og korleis dei tenkjer å nytte samarbeid for å drive næring av ølbrygging.

I tillegg kom det innspel frå Sogndal Skisenter Hodlekve, Kaupanger Næringsforeining, rådmann Svein Arne Skuggen Hoff og næringssjef Joakim Systaddal i Balestrand - samt spørsmål og innspel frå salen.

Ein spennande og inspirerande kveld - med god servering frå Villmarka. Vi håpar dette sår frø til nye idear og utvikling i lokalsamfunnet vårt, betre samarbeid i ein ny storkommune, samt nokre nye kjennskap.

Bård Huseby, Fjærland Fjordstove Hotell, Per Steinar Melås, Villmarka, Lars Jonny Røysum og Per Norstein, Turken Brygg.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway