Takk for flott oppmøte på årsmøtet

årsmøte opplev leikanger

Årsmøtet på onsdag 23. januar vart ein fin kveld med nærmare 50 deltakarar.

Det er vi i styret vel nøgd med. Knut Henning Grepstad vart vald til møteleiar, medan styreleiar, Roar Werner Vangsnes, flittig kommenterte årsmeldinga. Hildegunn Hamre la fram rekneskapen.

Ei positiv forsamling utan mange merknadar, som tok imot nytt styre for 2019. I år har vi med oss Emilie Anne Pellegrino (som nummer 7 i det utvida styret). Resten av gjengen tok attval, eller sto ikkje på val. Roar Werner Vangsnes fekk ny tillit frå årsmøte og vart valt som styreleiar for eit nytt år. Styret er også utvida frå 2 til 3 varamedlemer. Varamedlemene er Jack Eggum, Tone Oppedal og Tobias Dahle.

Prosjektrådmann for Nye Sogndal kommune, Stig Arne Thune, gav Opplev Leikanger positive tilbakemeldingar. Han ønskjer at det gode samarbeidet mellom Opplev Leikanger og kommunen held fram inn i Nye Sogndal kommune.  Sogn Næring var òg representert, og gav gode signal om ønskja samarbeid framover.

I pausen vart det nydelege karbonadesmørbrød frå Sognefjord Hotel, før sti-entusiast Odd Arve Rakstad gav oss ei orientering om kva som er gjort i Leikanger-fjella dei siste åra. Han har i mange år vore svært aktiv i arbeidet med å utføre og legge til rette for merking av både kjende og mindre stiar saman med fleire i bygda. Han viste oss mange nye perlar, som er flotte både for systrendingar og besøkande til bygda.

Vi gledar oss til å ta tak i eit nytt år!

PS! Vi ønskjer oss fleire som vil støtte arbeidet Opplev Leikanger gjer for bygda, både privatpersonar, næringsliv, lag og organisasjonar. Bli støttemedlem for 300,-. Nytt gjerne Vipps #104171. For lag, organisasjonar og næringsliv, sjå eigne prisar her.

Sti-entusiast Odd Arve Rakstad gav oss ei orientering om kva som er gjort i Leikanger-fjella dei siste åra.

Sti-entusiast Odd Arve Rakstad gav oss ei orientering om kva som er gjort i Leikanger-fjella dei siste åra.

Det nye hovudstyret i 2019 tel 7 personar, f.v. Hildegunn Hamre, Emilie Anne Pellegrino, Roar Werner Vangsnes, Birgitte Loftesnes Røysum, Gunn Helen Henne, Arnt Ola Fidjestøl og Astri Knudsen.

Det nye hovudstyret i 2019 tel 7 personar, f.v. Hildegunn Hamre, Emilie Anne Pellegrino, Roar Werner Vangsnes, Birgitte Loftesnes Røysum, Gunn Helen Henne, Arnt Ola Fidjestøl og Astri Knudsen.