Temakveld på Cafe Herman torsdag 10. november

Vi køyrer i gong temakveldar for å tilby næringslivet i Leikanger ein god møteplass. Litt fagleg, mykje sosialt.

Første runde blir på Café Herman, torsdag 10.november. Vi får besøk av Kjetil Kvåle frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Han vil prate om korleis utvikle næringslivet i Leikanger og Sogndal i tida framover, med auka samhandling mellom offentleg og privat sektor.

Møt opp klokka 19.00. Det blir sal av leskande drikke og pizza frå Fjordkroa.

Meld gjerne frå her om du kjem: https://www.facebook.com/events/123872871416548/

PS: Dette er ope for alle, både privat og offentleg. Bli med, ta med deg ein venn og bygg eit større nettverk.

 

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway