Temamøte om nærings- og samfunnsutvikling i nye Sogndal kommune.

Skjermbilde 2019-06-19 kl. 17.55.43.png

Nye Sogndal kommune og Sogn Næring skal i 2019 lage ein strategi for nærings- og samfunnsutvikling i den nye kommunen. Næringsliv, eldsjeler og andre som brenn for utvikling i den nye kommunen vert med dette invitert til å kome med innspel og delta i diskusjonen. Politikarar og leiarar i privat, offentleg og frivillig sektor vert særleg oppmoda om å delta.

Møta vil bli gjennomført etter same mal i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Sogndal. Arbeidet skal ta utgangspunkt i plattformdokumentet som samanslåinga er tufta på, og har mandat frå fellesnemnda si handsaming av organiseringa av nærings- og samfunnsutviklingsarbeidet i februar i år.

  • Balestrand: 25.06 klokka 18:00, Kviknes Hotel

  • Kaupanger: 26.06 klokka 08:00, Vesterland

  • Sogndal: 26.06 klokka 15:00, Quality Hotel Sogndal

  • Leikanger: 26.06 klokka 18:00, Knausen

Møta er opne for alle. Velkommen!