Velkommen til førjulsmarknad laurdag 24. november

julemesse2014.jpg

Hurra! I år blir jula i Leikanger opna med julemarknad i Saften, og julegrantenning i sentrum.

Bli med laurdag 24. november frå kl 10.00.

Program:

10.00-15.00: Marknad (i flerbrukshallen i Saften):

  • Leikanger Skulemusikk - kafé og kafékonsert

  • Alm Gard - is

  • Heidi Eiken – honning

  • Henjatunet Eggjagarden – eplejuice

  • Menes Røykelaks – laks og aure

  • Marås Hjort - kjøt

  • Vikja - kjøt

  • Skånaliseter - ost

  • Systrond Gartneri - juleverkstad

  • Fjordklipp - sal av produkt

  • Synnøve Fretheim - forskjellige lefser

  • Erling Røysum AS - ull og sportskle

  • Mona Sviggo - handarbeid

  • Arlene Singdahlsen - handverk

  • Barbro Ness - handarbeid

  • Oddbjørn Ramstad - handverk

  • Åse Kongsvik - førehandssal av boka "Henjatunet. Mat frå Sogn”

  • Ingunn Urdland - handarbeid

10.00-15.00: Balder har førjulssal frå sine produkt frå sitt lokale i 2 etg. på Saften.

10.00-15.00: Kaeophila Tahimat sel varmmat utanfor Sans og Samling (på hjørnet mot Fjordklipp) sine lokalar.

11.00: Krudlalaget syng

12.00-14.00: Utdeling av billettar til «Julenatt» i kyrkja julafta.

15.00: Tenning av julegrana i sentrum.