Turar vinter

Er du ein av dei som likar å gå høgdemeter, med fantastiske nedkøyringar, eller lengre turar innover fjellheimen på fjellski? I Systrondfjella er det fine mogelegheiter for begge deler.

 

  • Kjeringi – fjellski eller rando-/telemarkski

Kjeringi (1314 m.o.h) er klassikaren framfor alle skiturar på Leikanger. Ein overkommeleg topptur som også passar for dei yngre og meir uerfarne. Dersom ein følgjer den mest brukte traseen, er her ikkje så bratt. Dette er også utgangspunktet for 1. etappen i mulitsport-arrangementet Kjeringi Open.

Det som særleg gjer Kjeringi til ein god-tur, er at ein kan bruke fjellet som utgangspunkt for lengre turar og brattare nedkøyringar. På Kjeringi kan du gå frå tidleg vinter til mai.

Start frå Kleppa (normalruta): Frå parkeringsplassen og skihytta på Nedstestølen følgjer du oppkøyrde løyper til Øvstestølen, Damefall, forbi Stokksete og til Kallbakk. Frå Kallbakk ser du opp mot Fagereggi. Følg stort sett preparerte løyper til Fagereggi, vidare forbi «Discoholao» opp bratthenget til Kjeringastein. Frå Kjeringastein kupert innover mot «inste Kjeringi». Turen tek 3-4 timar, med ein høgdeskilnad på omlag 850 – 900 meter.

Retur same veg. Alternativ retur : Køyr ned mot Friksdalen, på ”baksida” av Kjeringi. Ein kjem då ned i eit område som samlar mykje snø, så ver obs. på rasfare. Heimturen vert lengre, gjennom Henjadalen og deretter tilbake til bilveg.

 

  • Systrondsfjella rundt – fjellski eller rando-/telemarkski

Ein langtur, med panoramautsikt mot Hurrungane, Jostedalsbreen, Fjærlandsfjorden og kongen sjølv - Sognefjorden. Tursesong frå februar til mai. 

Start ved Kleppa: Bruk same utgangspunkt som turen til Kjeringi. Frå Kjeringi (1314 moh) tek du deg vidare innover mot Kaldekletten, over Friksdalseggi og over Skarholten (1320 moh). Vidare inn på Voggebreen og til varden, 1576 moh (Myrdalsbreen).

Retur: Tilbake over Skarholten og deretter fin nedkøyring til Stavtjønn, vidare nedover til Stavsete og til Grindsdalen og bilveg.

Turen tek 13-14 timar, med ein høgdeskilnad på totalt 1700 m.

 

  • Hest, Troeggi og Storholten – fjellski eller rando-/telemarkski

Fin rundtur med flott fjordutsyn mot Balestrand og Fjærlandsfjorden.

Start frå Engjasete:  Start turen frå garden Engjasete, over Grinde, ved grind til skogsveg. Følg skogsveg ca 100 meter, ta deretter av mot høgre og opp i skogen. Gjennom skogen til stølen Orrasete, vidaere oppover og til stølen Dalsbotn. Ein går forbi Dalsbotn og får då Mælen på venstre hand. Gå rett opp etter Dalsbotn. Ein kjem då opp på ein naturleg rygg som ein følgjer til topppunktet på Hest (1360 moh). Derifrå vidare og over Midteggi og bort på Troeggi. Her er også avstikkar til Stav.

Heimturen går over Troeggi og vidare til Storholten (1024 moh) og nedover mot Hella.

  • Stav – fjellski eller rando-/telemarkski

Ein vårskitur til Stav (1458 moh) står høgt på lista for mange systrendingar. Her er flott turterreng, med nydeleg utsyn i alle himmelretningar og med fleire nedkøyringar, etter ferdigheiter og ønskje. Stav ligg i forlengiga av Troeggi langsmed Fjærlandsfjorden. Der er fleire ruter til Stav, men den enklaste er med start i Huksdalen.

Start Huksdalen: Dersom vegen ikkje er køyrbar; Gå på skogsveg, i vel 9 km, slakt oppover til Stavsete.  Eit lite stykkje etter Stavsete, ta oppover på venstresida. Ein ser Stav frå Stavsete, så det er ganske enkelt å finne vegen. Her går ruta opp ein brei flanke mot topp-platået. Frå Stav har ein panoramautsikt til Jostedalsbreen, Kjeringi, Voggebreen og Hurrungane.

Ein spekakulær veg til Stav er å komme inn frå nordsida på Stav og gå over “brui”. Dette er ein liten rygg som er ca 50 meter lang, 2-3 meter brei og det er rett ned på begge sider. Luftigt og spektakulært, men må vurderast nøye m.o.t snøforhold og skavlar. Dette er ikkje ei rute for folk flest!  

Heimoverturen frå Stav og til Stavsete (ca 700 høgdemeter) er flott. Her kan ein velgje nedkøyring etter ferdigheiter og ynskje. Fritt val frå øvste hylle!

Frå Huksdalen – Stavsete: Omlag 2 timar. Frå Stavsete – Stav: Vel 1,5 time.

Stav kan ein også gå forbi når ein går frå Hest og til Troeggi. Sjå eigen turomtale.