Vedtekter

1. Overordna mål

OL har som føremål å ta vare på og å utvikla Leikanger ved å vera ein organisajon for samarbeid og idéutvikling.

2. Medlemskap

Medlemar kan vera verksemder, sjølvstendig næringsdrivande, organisasjonar eller privatpersonar.

3. Organ

OL sine organ er:

  • Årsmøtet
  • Styret med utval
  • Sekretariatet

4. Tillitsvalde

  • Styret har 5 ordinære medlemar: 
    • Leiar
    • Nestleiar
    • 3 styremedlemar
  • Kommune og etatar kan ha observatørar i styret.
  • Styret kan oppretta underutval ved behov innan for eksempel:
    • Reiseliv
    • Håndverk/entreprenør/produksjon
    • Forretning/service
    • Organisasjonar
  • Andre tilltilsvalde
  • Valnemnd på 3 personar.
  • Revisor.
  • Sekretariatet
  • Styret kan leiga tenester etter behov.

5. Signatur
Styreleiar har signatur åleine.

6. Årsmøtet
Årsmøtet er det høgste organet og skal haldast før 1. september kvart år. Innkallinga skjer med 2 veker varsel i e-post eller med brev.
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret finn det nødvendig, eller når minst 1/3 av medlemane krev det.

Årsmøtet har føre:
Årsmelding frå styret.
Rekneskap.
Kontingent for perioden 1.9 – 30.8 neste år.
Val.

Styret:
Leiar vert vald direkte av årsmøtet for 1 år. Styremedlemane vert også valde for 1 år. Styret konstituerer seg sjølv.

Valnemnd: 3 medlemar.
Revisor: 1

Innkomne saker frå medlemane.

Ein må ha betalt kontingent for inneverande år for å delta på årsmøtet.

Stemmerett
Kvart medlem har stemmer etter vekttal. Vekttalet står i forhold til kor mykje kontingent ein har betalt.

Framlegg til årsmøtesaker
Framlegg må vera hjå styreleiar innan 7 dagar før møtet.

Vedtektsendring
Framlegg om endring av vedtektene må gjerast kjent for medlemane seinast 7 dagar før årsmøtet. Endringar må vedtakast med 2/3 fleirtal på årsmøtet.

7. Styremøter
Leiaren kallar inn til styremøte etter behov eller dersom minst 3 styremedlemar krev det. Det skal skrivast referat frå møta. Styret kan gjera vedtak når minst 3 medlemer er til stades dersom ein av desse er leiar eller nestleiar. Ved likt røystetal har styreleiar dobbeltrøyst. Observatør har ikkje stemmerett.

8. Kontingent
Årskontingenten vert fastsett av årsmøtet etter, framlegg frå styret, for eitt år i gangen.