Velkomen på årsmøte 5. februar!
Vi held årsmøte i Opplev Leikanger og inviterer til ope møte om fjordsti mellom Leikanger og Hermansverk, måndag den 5. februar kl. 19.00 på Sognefjord Hotel.
Både årsmøtet og temamøtet er ope for alle. Alle betalande medlemmer har stemmerett på årsmøtet.
Årsmøte
Sakliste:
Godkjenning av innkalling og saklista
Val av møteleiar og referent, og to til å signere protokollen
Innkomne saker
Skal Opplev Leikanger ta på seg ansvar som “venskapsbyforening” for Leikanger?
Kontingentsatsar
Val
Saker som skal takast opp på årsmøtet (pkt. 5), må meldast inn til styret innan måndag 29. januar.
Årsmøtedokumenta er sendt ut til alle medlemmer på e-post.
Ope møte: Fjordsti mellom Hermansverk og Leikanger?
Kan vi utvikle fjordstien vår mellom Hermansverk og Leikanger og på sikt få til noko meir enn det strekket mellom Strandavegen og ungdomsskulen som mange nyttar i dag?
Har du fått betalt kontingenten?
Faktura for medlemskontingenten for 2024 er sendt ut på e-post. Har du ikkje fått, kan det vere at vi ikkje har korrekt e-postadresse til deg, eller har vore litt ivrige med oppryddinga i medlemsregisteret ved nyttår. Eller kanskje du vil melde deg inn for første gong no i år?
Ta kontakt for innmelding via meldeskjemaet vårt eller om kva som helst på e-post til OpplevLeikanger@gmail.com, så slepper vi deg inn i varmen!
Hjarteleg velkomne på måndag 5. februar, alle saman - og ta gjerne med naboen, eller andre du kjenner! 😊