Livet i Leikanger

Velkommen til Leikanger - ei solvendt bygd langs Sognefjorden. Eit perfekt utgangspunkt for å oppleve fjell og fjord.

Bygda, med sine drygt 2300 innbyggjarar er kjend for sitt gode klima, med mange soltimar og gode vilkår for frukt- og bærdyrking. Med sine nærare 80.000 frukttre, er bygda ein stor bær- og fruktprodusent. Mellom frukthagane ligg nye og eldre embetshus, som fortel historia om Leikanger som administrasjonssenter for fylke og stat. Rundt oss på alle kantar har vi fjorden og fjella, som byr på flotte tur- og naturopplevingar for store og små, sommar som vinter.

Leikanger har to venskapsbyar: Ribe i Danmark og Strängnäs i Sverige