Velkomen på årsmøte 23. februar!
Vi held årsmøte i Opplev Leikanger og inviterer til ope møte om bustadbygging på Systrond, måndag den 23. februar kl. 19.00 i Firdasalen på Fylkeshuset på Leikanger.
Program
19.00 - Årsmøte for Opplev Leikanger
20.00 - Temamøte om bustadbygging på Systrond
Både årsmøtet og temamøtet er opne for alle. Alle betalande medlemmer har stemmerett på årsmøtet.
Det blir også ein kaffitår og noko enkelt å bite i undervegs.
Årsmøte
Sakliste:
Godkjenning av innkalling og saklista
Val av møteleiar og referent, og to til å signere protokollen
Rekneskap 2025 med budsjett 2026 - godkjent av revisor
Innkomne saker
Kontingentsatsar
Val
Saker som skal takast opp på årsmøtet (pkt. 5), må meldast inn til styret før årsmøtet.
Årsmøtedokumenta vert sendt ut til medlemmene på e-post før møtet.
Ope møte: Bustadbygging i Systrondsbygdi
Ei stadig gjentakande tilbakemelding om kva mange ønskjer seg for at Leikanger skal bli ein endå betre plass å bu, er tomter til å bygge hus på. Kva kan vi få til med det i 2026? Innleiing ved Tobias Dahle, Opplev Leikanger.
Vi møter:
Karl Erik Johnsen – Moglegheiter for bustadbygging på Systrond
Tone Oppedal, Statens Vegvesen – Bustader viktig i rekrutteringssamanheng
Joachim Næss – Tilflyttaren sine tankar på bustadutfordringa
Lokale politikarar frå Leikanger blir med på diskusjonane rundt framtidige løysingar for bustadutvikling på Systrond
Hugsar du å betale kontingenten?
Faktura for medlemskontingenten for 2026 vert sendt ut på e-post i desse dagar. Om du ikkje får nokon faktura frå oss, kan det vere at vi ikkje har korrekt e-postadresse til deg, eller har vore litt ivrige med oppryddinga i medlemsregisteret ved nyttår. Eller kanskje du vil melde deg inn for første gong no i år?
Ta kontakt for innmelding via meldeskjemaet vårt eller om kva som helst på e-post til OpplevLeikanger@gmail.com, så slepper vi deg inn i varmen!
Hjarteleg velkomne på måndag 23. februar, alle saman - og ta gjerne med naboen, ein kollega, eller andre du kjenner! 😊